Sann oppdrettsglede i Holmenkollstafetten

For andre året på rad sprang 15 av dei beste sportsfolka i norsk oppdrettsnæring for Salmon Group og bransjen si ære under Holmenkollstafetten.
Og det var sanneleg ein idrettsmann som førte an ut på første etappen; Mons Eivind Troland var i si tid rekna som eit so stort fotballtalent at sjølvaste “Kniksen” måtte pusse brillene før han trudde det han såg. I solskinet langa han ut frå St. Hanshaugen, iført den flett nye Salmon Group-treningsdrakta.
Etappane vidare blæs av garde, og vekslingane gjekk etter rapportane knirkefritt. Støtteapparatet var skodd med erfaring frå fjoråret, og demma opp for væsketap langs ruta. Det vart ikkje meldt om graverande avvik eller trong for strakstiltak.
Ved inngangen til Bislett Stadion sto styreformann Jostein Kråkås klar til å levere frå seg filthatten og overta stafettpinnen. I spenstige klyv la han tartandekket for sine føter, nett slik han gjorde det i fjor. Vel i mål, var der ikkje tid til stort anna enn å jogge attende til hotellet og skifte sokkar før middagen på sjølvaste Aker Brygge.
Regnet var då kome til hovudstaden, men det var heldigvis vinen og, så selskapet fekk ein hyggeleg kveld med treretters middag og det heile. Alle hadde god grunn til å vere nøgde med både eigen og laget sin innsats.
Tekst og foto: Øyvind Kråkås