Salmon Blog: Ta på slipset, ordførarar, kinesarane kjem

Det er litt underleg. Når der ringjer ein
mann frå eit eller anna firma, og seier at han skal gjere deg rik, vert du som
regel temmeleg skeptisk. Men når der kjem eit par menn, frå eit eller anna
firma, og seier at dei skal gjere norske kommunar rike, gir politikarane vekk
både fjell og fjord. Det er deira einaste håp, seier dei.

Det er nye arbeidsplassar som er mantraet
i den norske kommunepolitikken. Tesen er at der flyttar ikkje folk til bygdene,
fordi der ikkje er arbeidsplassar. Men i norske bygder kryr der av
leigearbeidarar. Dei kjem for å ta jobbar som nordmenn ikkje ynskjer seg. For
nordmenn ynskjer seg ikkje jobbar på fiskemottak, skipsverft eller fjordhotell.
Desse nøkkelfunksjonane i norsk verdiskaping må drivast med midletidig arbeidskraft langvegs frå. Nordmenn vil ha godt betalt og mykje fri. Nordmenn reiser til bygdene for å slappe av.

Så deler bygdestrategane planen sin i to;
det veldig store og det veldig små. Anten skal der inn tungindustri som skal
tilsetje hundrevis av menneske, som skal dundre laus dag og natt og lage
arbeidarsamfunn der det før berre var torv og tun. Eller so skal det vere so
lite at det nesten ikkje syns. Småskala, heiter det på fint. Det er eit ord som
betyr ”ingenting som nokon nokosinne har levd av eller vil kunne kome til å
leve av”. Nokon skal halde kurs i korleis besten brukte å banne når
slipesteinen glapp. Andre skal  avle
geiter på eit skjær som er under på floa.

For slett ikkje mange tiår sidan kom
lakseoppdrett til bygdene ved fjorden og kysten. Det utvikla seg, so fort som
nokon kunne drøyme om, til å bli ei næring med ein betydeleg produksjon av ei
råvare som er etterspurt over heile verda. Ei næring som skaper verdiar og byr
på interessante arbeidsplassar med god betaling og friordningar, nett slik
nordmenn vil ha. Ei næring som sysselset nordmenn og handlar  med kinesarar, fordi ho lagar noko dei vil ha.
Og dei er nøydde til å kjøpe det frå eit av dei få landa i verda som
produserarar nettopp dette.

Men i staden for å gå til
oppdrettsnæringa, og saman prøve å skape levande bygder og utvikle ei glimrande
norsk merkevare, ber politikarane om at næringa må dempe seg. Ho må vere klar
over at ho ureinar og øydelegg for turistar sine opplevingar. Fisken skit i
sjøen, og ein framandkar som var tenkt å betale godt til ein bonde for å fiske
ein av dei ti siste laksane i elva hans, vil ikkje kome likevel. Og so er der
ein kinesar på tråden. Han har bygd vegar til ei gruve i Afrika, og no vil han
jammen byggje litt i Noreg og, for å frakte vekk eit fjell han vil knuse.
Neidå, han skal jo ikkje ta med heile fjellet. Det meste skal han legge att i
fjorden. Og det beste er at det går heilt fint. For medan eit oppdrettsanlegg slepp
ut like mykje fiskeskit som ein norsk småby, slepp fjellknusaren berre ut støv
og kjemikaliar.

Og medan dørvakta, gamle Gullestad, viser
vekk dei plagsomme oppdrettarane, og seier ”de må forstå at de kan ikkje gå her og tene pengar rett opp i augene på oss”, drikk
ordføraren te med ein mann i dress som seier at han trur at dette vert veldig
bra, og at snart vil der vere hundre mann i gong med å plukke ned det gamle
fjellet som berre sto der og skugga for sola uansett. Og ordføraren ser på
gullklokka han kjøpte av ein annan kinesar, og ser at no går ekspressbåten frå
byn, og ombord der er der sikkert masse utflytta bygdefolk som kjem heim for å
hjelpe til med å koste støv på sjøen.

Tekst:
Øyvind Kråkås