Salmon Blog: Når det går so godt at naboen grine
Noreg er eit av verdas mest
sosialdemokratiske land, og verdas einaste sosialdemokratiske oljenasjon. Dette
har gjort landet til ein god heim for dei fleste av innbyggarane. Men det kan
hemme utviklinga når ein konkurrerar meir om å vere likast enn å vere best.
Nordmenn likar historiene om dei som
lukkast med mykje ut frå eit veldig lite utgangspunkt. Dette har røter attende
til folkeeventyra, og slektskap med den amerikanske draumen. Det er kjekt å
tenke på at ein kan kome til pengar ut av eit svakt utgangspunkt. Det som
derimot ikkje vert rekna som lika sjarmerande, er når nokon vi kjenner godt tek
vegen frå anonym til framståande. Då kjennest det gjerne som at ein er i
direkte konkurranse.
Og nordmenn er ikkje so glade i
konkurranse. Jau, vi likar å sitje i stresslessen og hjelpe Petter Northug fram
i kampen mot svenskane. Men når vi sjølve er ute i sporet, og gjerne ser naboen
trekke ifrå i ein frisk spurt, er sportsånden ikkje like sterk lenger. Like
eins er det i næringslivet. Vi likar eigentleg best at staten eig det som er
verdt noko. Det er liksom landslaget, noko vi alle har del i.
Oppdrettsnæringa er ei atypisk norsk
næring. Ein driv med matproduksjon og eksport av denne, utan at ein treng
subsidiar. Mykje av kapitalen er framleis lokal, og bygd opp av menneske som
ikkje har utdanna seg for å bli kapitaleigarar. Oppdrettsnæringa lar seg ikkje
sentralisere inn til byane. Ho må ligge der ein har friskt hav og god plass. Då
næringa tok seg opp utover åttitalet, vart ho kalla ein senterpartidraum.
Og ein skulle tru at lakseoppdrett var
svaret på ein norsk draum. Sunn mat vert produsert lokalt, og etterspurt
globalt. Ein skaper masse distriktsarbeidsplassar og held hjula i gang i
hundrevis av lokalsamfunn. Oppdrettsnæringa er fiskeria og fiskeindustrien si
vellukka omstilling. Ein fekk attende lokalt pågangsmot og kapital, der denne
var iferd med å bli ført bort og lagt brakk. Men kvifor seier norske kommunar
då at dei ikkje ynskjer oppdrett lenger?
Eg finn eigentleg inga god forklaring på
det. Men dei dårlege forklaringane finn ein i avisa kvar dag. Ein får for lite
att for det ein avstår, heiter det. Kva avstår ein? Nokre små sjøareal, som
knapt kunne brødfødd ein kobbe på Atkins diett? Byggjer slike utsegner
eigentleg på ei kalkulering av kostnad og nytte? Og kva er det ein ikkje får
att for denne innsatsen? Kroner i kommunekassen? Blir der verkeleg meir kroner
av palepilking, hummarteiner og ein og annan nakenbadar? Og er der faktisk so
knapt med areal at desse eigentleg vert fordrivne frå å utøve sin aktivitet?
Saka er truleg den at det er meir komfortabel
å sjå på eit aude havstykke enn å sjå at nokon ein kjenner tener pengar.
Dessutan er norske distriktskommunar i større og større grad influert av
hyttefolk. Desse vil helt ha fullkomen fred og ro, og ynskjer ikkje anna
næringsverksemd enn ein pub og ein kjøpmann som sel Osloaviser og sigarettar. Desse
vil aldri bygge opp samfunna dei ferierar i. Dei vil ha døsige sovebygder med
minst mogleg preg av menneskeleg aktivitet.
Det er her folket ved havet må kjenne si
besøkstid. Ein må ikkje rote seg inn i skoddepratet til fuglekikkarar og
vernepredikantar, som alltid veit best på samfunnet si rekning. Det var ein kar
som sa at viss ein sunnmøring ser at naboen gjere det godt, vil han gjere det
betre. Viss ein vestlending ser at naboen gjere det godt, vil han berre at det
skal gå til dunders med naboen. Dette er eit sørgjeleg vitnesbyrd over vår evne
til å gå fram og dra lasset, og å jobbe for å styrke lokalsamfunna.
Oppdrettsnæringa har utvikla seg til å
vere ei kjempenæring for distrikta. Ho byggjer arbeidsplassar av eit vidt
spekter av kompetansefelt. At mange no er ivrige etter å byte ho vekk, er eit
usunt teikn for ei rekke bydesamfunn si forståing av sitt eige
eksistensgrunnlag. Det må, trassa alt, vere betre å sjå at naboen gjere det
godt, enn å ikkje ha nokon naboar i det heile tatt.
Tekst: Øyvind Kråkås