Salmon Blog: Den av dykk som er utan napp, skal få kaste den første steinen

”Hardangerfjordseminaret” er i ferd med å etablere seg som ei årleg hending. 6. og 7. mai var det fjerde gongen seminaret vart arrangert. Møtelokalet var ”Kabuso” i Øystese, tusenårsstad og vanlegvis lokale for kammermusikk. Og det var dystre tonar, mykje av det som vart spelt opp for oppdrettsnæringa…

For seminaret er først og fremst ei mønstring for dei såkalla ”villfiskinteressene”. Og desse strakte seg frå forskarar med andletet i djupe folder, til ein rabiat og refsande representant for Norges Jeger- og Fiskeforbund. Sistnemnde verka, som det vart sagt i ein replikk; ”å vere meir interessert i å leggje ned oppdrettsnæringa, enn å berge villaksen”.

Fredagen var ein maraton av føredrag, med Statssekretær Heidi Sørensen på opningsetappen. Ho la seg skuffande nok på linja der opplevinga til ein personifisert laksefiskar vert målet på kor godt villaksen har det. Det er tydeleg at det er laksen på kroken som er det eigentlege målet i arbeidet for villfisken, og det vart og seinare presisert av ein annan bidragsytar; ”vi kan ikkje rekne bestanden som bærekraftig før den toler beskatning”. Dette er jo eit tydeleg avvik frå måten alle andre truga bestandar vert forvalta på… Eg drøymer meg vekk i gardsturisme med jakt på ulv og ørn.

Villaksforkjemparane er ikkje som andre naturvernarar. Her er få av dei unge idealistane som går med berepose i hamp for å berge miljøet. Det er middelaldrande, sinte menn som representerar villaksen sin vilje, og desse deler heller ut skuld, enn å dele godene. Ein lokal mann, seinare observert i nærbilete på TV2, fortalde om si dramatiske oppleving med å fortelje ungen sin om at det ikkje vert råd å fiske laks i elva i år. Dette gjorde nok eit spesielt sterkt inntrykk på dei av oss, som i vår oppvekst ikkje eingong fekk eit varsel frå våre foreldre om at dette var uråd, og langt mindre fekk tilgang på noka elv der vi ikkje kunne få lov å fiske gyteklar laks. At sjøauren og er freda, ville ikkje barnefaren ta omsyn til. Det var ikkje hans unge sin feil at situasjonen er som han er. Det forsto dei frammøtte, og det forstår sikkert auren som hamnar på kroken og. Ingen art har teke skade av å bli drepne av uskuldige.

Laurdagen var debatten om lukka anlegg i sentrum. Utstyrsleverandørar la fram sine ulike konsept, og næringa sin eigen Erlend Haugervoll, fekk kome med sine tankar og erfaringar. Til det positive skal det og nemnast at Erik Sterud frå Norske Lakseelver, kom med eit rimeleg nyansert innlegg om teknologi og biologi kring lukka anlegg. Mot eit NJFF ”vestanfor folkeskikken”, for å låne uttrykk frå Kjartan Fløgstad, var dette ord ein kunne kjenne seg att i, om ikkje direkte underkaste seg.

Om ein skal prøve å oppsummere to dagar med seminar, blir det slik:

1 Det er framleis eit hovudmål for forvaltninga av villaks at der skal stå ein gjeng og pilke gytefisken som kjem for å reprodusere.

2 Det er austlendingar som har mest greie på villaks.

3 Næringa har ingenting med korleis tiltak ein betalar for skal utførast.

4 Det er viktig kva måte villaksen blir berga på, ikkje berre at han blir berga.

5 Ein barndom utan å drepe truga artar, er ein fattig og forsømt barndom.

Tekst: Øyvind Kråkås