Forbløffa over sakshandsaminga i fjorddumpingsaka
Etter å ha lese og høyrt framført dokumentasjonen som er framlagd kring framtidig gruvedrift ved
Førdefjorden, er vi overgjevne over kor opne dørene er for slike prosjekt.
Medan oppdrettsnæringa jobbar med løysingar for å vinne att
biologisk nedbrytbare stoff som går i havet, kan ein her fylle ut 140 millionar
kubikk knusestøv og kjemikaliar i fjorden, utan at det vert forbunde med
betydeleg ureining. Og medan eit lite settefiskanlegg må dokumentere nøye kva
vasskjelde ein baserar seg på, kan ein her sleppe unna med at dette vil ein
kome attende til.
Salmon Group AS er uroa for den
påverknaden denne industrien vil ha på den svært fruktbare Førdefjorden. Våre
oppdrettarar har tidlegare samarbeidd med styresmaktene for å få på plass den
nasjonale laksefjorden her, men dette arbeidet synest no bokstaveleg tala å bli
stuva vekk for å støve ned. Sjølv om det vi får vite i denne saka er
overrumplande nok, er dei manglande krava til skikkeleg dokumentasjon det mest
påfallande. At Noreg tek risikoen på å ofre fornybar matproduksjon gjennom
vill- og oppdrettsfisk for ei slik kortsiktig, ureiningsintensiv verksemd, er
nedslåande. Det syner at vi framleis ikkje er komne lenger her i landet enn at
vi fell på kne når tungindustrien lograr med halen. Løfta utviklaren kjem med
til lokalbefolkninga, er mest lik retorikken til ein støvsugarseljar. 30
millionar kroner er mykje for den enkelte av oss, men rekke ikkje langt til å
bygge næring. Til samanlikning reknar ein med at havbruksnæringa i Førdefjorden
omsette for 270 millionar kroner berre i 2010 (våre eigne tal innsamla frå
aktørane i området).
At lokale politikarar ikkje står imot
presset når der viftast med arbeidsplassar av denne mengda er forståeleg nok,
men dei burde nok gå inn og sjå litt på kva lagnad industrien elles har.
Smelteverka pakkar no saman rundt omkring, og etterlet seg berre forureininga.
Skipsverfta bergar seg so vidt det er på arbeidskraft dei leiger inn frå
Europa. Ein snakkar for mykje om å skape arbeidsplassar, det sentrale må vere å
skape verdiar. Å få inn eit firma som knuser ned eit fjell, tek det dei vil ha
og legg resten att i fjorden, høyrest meir ut som å gje vekk verdiar. Saman med
livet i fjorden, vert eksisterande næring og arbeidsplassar skubba til sides i
jakta på kortsiktige politiske poeng. Lokal kapital, satsingsvilje og
engasjement vert nulla ut til fordel for internasjonale investorar sitt begjær
for ei råvare. At små lokalsamfunn skulle vere i stand til å trekke
vinnarloddet blant slike aktørar, høyrest i seg sjølv urimeleg ut. Så er der
dei som seier at stein er framtida. Men det sa nok dei fleste i steinalderen
og… Tanken på at det som vert fylt ut i sjø er borte frå all sut, i motsetnad
til ei deponering på land, er i beste fall forgangen.
Tekst: Øyvind Kråkås Foto frå wikipedia.no
![220px-Førdefjorden[1]](http://salmongroup.no/wp-content/uploads/2011/05/220px-Førdefjorden1.jpg)