Søk i arkivet

Aktuelt

Trong fødsel for samhandling i Sognefjorden

Onsdag 6. april vart det helde oppstartmøte i det såkalla AHA-prosjektet, på Fylkeshuset på Leikanger. Dette skal vere eit pilotprosjekt for å få til ei kunnskapsbasert forvaltning av villaksen i verdas største fjord. Men samarbeidsklimaet på opningsdagen var ikkje det mest lovande.

Det er Sogn og Fjordane Fylkeskommune som har teke initiativet til prosjektet, og denne første samlinga var sett av til å høyre kva ulike forskarar og forskingsmiljø sit på av kunnskap, både om Sognefjorden spesifikt, og lakseforvaltning generelt. Men det vart tidleg klart at her var kime til splid. Elveeigarar tok replikk allereie på velkomsttalen, og var misnøgde over ikkje å vere på talarlista.

No var det på ingen måte lagt opp til at dette skulle bli noko folkemøte. Både elveinteresser og oppdrettsnæring var møtte fram, men meininga var at ein i denne bolken skulle lytte og lære. Til sist vart der delt opp i grupper, der ein skulle kome med innspel om kva tiltak som måtte på plass for å få til ei kunnskapsbasert forvaltning.

Frå oppdrettssida er ein klare på at ein må kvalitetssikre målemetodar, og vere opne for alle faktorar som kan vere med og påverke situasjonen i fjorden og elvane. At ein i dag ikkje veit mykje om tilhøva som møter laksen ute i havet, betyr at ein må sette inn ressursar på dette. Ein kan ikkje bruke mangel på tilgjengeleg forsking som ein grunn til å la oppdrettsnæringa ta støyten for alle villaksen sine problem. Rammene for kva påverknad oppdrett skal kunne ha på omgjevnadane, må talfestast og definerast. Ein stafett,  med stadig nye etappar av tiltak mot eit uavklart mål, er ingen tent med.

Frå elveeigarane var krava litt ulike, men nokre av dei ynskte kraftige nedbyggingar av voluma i fjorden. Dette samsvarar sjølvsagt ikkje med næringa sine behov, og heller ikkje med den forskinga som ligge til grunn. Salmon Group sine utsende, Solveig Willis og Øyvind Kråkås, vel å tru at der vil bli ein betre vilje til kunnskapsbaserte løysingar når den første frustrasjonen har lagt seg. Dette vil vere ein føresetnad for å oppnå det ein ynskjer med ein slik prosess. SG vil fylgje utviklinga tett, og går no djupare inn i det framlagde forskingsmaterialet.

Tekst: Øyvind Kråkås