Søk i arkivet

Salmon Blog: Villaksinteressene?

Etter AHA-konferansen (Arbeidsprogram for heilskapeleg akvakulturforvaltning) sist veke, konkluderar initiativtakar Lena Søderholm med at det er ”ei utfordring å samle villaksinteressene i ein person”. Det er eg heilt einig i.

Dette har hendt så langt: Etter å ha vore ein enorm ressurs for folk på kysten og i fjordane i uminnelege tider, vart drivgarnsfisket og, i all effektiv form, kilenotfisket lagt brakk for å fremje villaksen si frie vandring til elvane. Vel framme i gyteelva skulle laksen framleis fangstast, ja han skulle beint fram reknast som ein ressurs for elveeigarane. Ikkje før var sjølaksefisket avvikla, så var oppdrettsnæringa den nye, store ulven. Næringa vart skulda for å fylle fjordane med lus, og elvane med falsk fisk. Kor falsk denne fisken er, er ikkje dei lærde so sikre på. Men diskusjonen om villaksen har ikkje handla om å vere sikker, men om å vere sint.

I dag er der eit mylder av organisasjonar og fylkingar som påstår å handle i villaksen si interesse. Nokre er miljøorganisasjonar, nokre er elveeigarar og nokre er sportsfiskarar. At villaksen skulle ha interesse av å bli fiska på i elva der han går opp for å gyte, er vel meir enn eg kan forstå. Det er nærliggande å tru at dette må vere villaksfiskarane si interesse.

AHA-konferansen var altså ikkje den velkjende popgruppa sitt nyaste forsøk på avskjedsturnè, men framferda til ”villaksinteressene” var likevel fullt på høgde med eit intervju med Morten Harket, når det kjem til å forvirre tilhøyrarane. Det kunne plutseleg verke som desse var meir ueinige innbyrdes enn det oppdrettarar og forvaltning nokosinne har makta å verte.

”Vi har ikke funnet andre forklaringar på dette enn oppdrettsnæringen”, formulerte ein forskar frå talarstolen. Og det passa ”villaksinteressene”  godt, for dei hadde heller ikkje til hensikt å finne noka anna forklaring. Den meir pragmatiske delen av ”interessene”, Norsk Villaksforvaltning, vart dregne inn i den sedvanlige konspirasjonskverna. Kvar stein skal ikkje snuast i denne saka, bokstaveleg tala. Tiltak i elvene for å få eit betre miljø der, er ikkje noko ein vil ha.

Det kokar ned til at det einaste ”villaksinteressene” er einige om, er at oppdrettsnæringa har skulda for alt som heftar ved villaksen si formeiring. Og som naturvernsaker flest, syner denne seg å koste mykje pengar. Oppdrettsnæringa skal legge ned drifta, og samstundes finansiere tiltak for villaksen gjennom inntekter dei ikkje lenger skal få lov til å ha. Og desse tiltaka skal ”villaksinteressene” styre.

AHA-konferansen skulle vere byrjinga på ei kunnskapsbasert, heilskapleg forvaltning av Sognefjorden, ein av dei nasjonale laksefjordane. Villaksen er eit nasjonalt ansvar, men altså ikkje ein nasjonal art. Kvar elv har sin unike laks, har vi fått lære. Men for oppdrettsnæringa er det ikkje lett å sjå korleis dette samarbeidet skal fungere, når einkvar sportsfiskar skal kunne uttale seg som villaksen sin profet og skytshelgen. Om ikkje ein kan einast sopass blant ”villaksinteressene” at ein kan akseptere kvarandre sitt nærver på eit samarbeidsmøte, føreslår eg at ein set ”villaksinteressene” til sides, og brukar kreftene og midlane på å studere villaksen sine eigne interesser. For om ”villaksinteressene” er interesserte i villaksen, trur eg neppe villaksen er so interessert i dei.

Tekst: Øyvind Kråkås