Søk i arkivet

Aktuelt

Salmon Blog: Meir av alt, takk!

Den siste tida har mykje handla om at norske daglegvareforretningar. Undersøkingar viser at nordmenn ynskjer betre utval og lågare prisar hos kjøpmannen. Det er omtrent like oppsiktsvekkande som at folk flest ynskjer å vinne i Lotto.

No er det slik at ein kan setje fingeren på eit og anna i norske butikkar. Utvalet av fiskeprodukt er det eg sjølv er mest skuffa over. Der har Noreg ein påfallande manko, ikkje berre når det gjeld fersk fisk, men og frosne og halvfabrikata produkt. Men generelt sett må vi likevel anta at utvalet tilpassar seg betalingsviljen hos kundane.

Men så er det ofte slik at om vi blir spurte om kva vi ynskjer oss, unngår vi dilemmaet om å velje. Spørsmålet om vi er villege til faktisk å betale meir for eit rikare utval, svarar vi best på gjennom måten vi handlar på. Og den syner vekst hos lågprisbutikkar med avgrensa utval. Vi ynskjer oss så mange slags tilbod, men vi er for få og nyttar dei for sjeldan til at nokon faktisk kan tilby dei.

På same måten finn vi ofte ei utakt når det gjeld nordmenn sine ynskjer om naturvern, og den levestandarden vi reknar med å ha. Nordmenn vil ha straumkablar i sjøen, men billegare straum. Dei vil ha urørte fellesareal, men samstundes vil dei byggje husa sine på utsiktspunkt med rikelege hageareal omkring. Dei vil ha vegar fram til hytta, som helst skal ligge usjenert til. Og alt av infrastruktur skal helst kostast av det offentlege, fellesskapet sin kasse.

Når mange nordmenn så er likeglade eller direkte krigerske overfor lakseoppdrett, er der to ting som må bringast på det reine. For det første må dei bli gjort klar over kva konsekvensar ei slik utsletting av næring og matproduksjon vil ha. 20 000 menneske jobbar i laksenæringa. Mange kommunar har ein betydeleg del arbeidsplassar og skatteinntekter frå denne aktiviteten. Ein produserar nærare 1 million tonn sunn mat i året, som blir etterspurt over heile verda. Menneske i Kina og Sør-Afrika reknar med at vi kan levere dei laksen dei ynskjer seg, akkurat slik vi lit på at brasilianske kaffibønder reddar frukosten vår kvar dag.

For det andre må det avklarast kven som skal kunne ta slike val for landet. Noreg har eit ansvar for verdas sjømatforsyning, og den klarar seg ikkje berre med villfanga ressursar. Norske distriktskommunar er avhengige av sysselsetjing og inntekter frå næringa. Mange menneske har satsa alt dei eig og store delar av yrkeslivet sitt på å byggje opp næringa til det ho har vorte. Då må ikkje spørsmålet bli om nordmenn heller skulle ynskje at landet kunne drivast berre på luftige idear og skyhøge konsulenthonorar.

All oljen som blir henta utanfor synsranda for dei fleste, har gjeve oss eit ganske distansert forhold til produksjon og industri. Men det skulle vere unødvendig å påpeike at vi truleg må ty til andre ting enn kajakkpadling og økologiske kirsebær for å ete oss mette og ha tak over hovudet i framtida og. Ein blir stadig konfrontert med at norske politikarar ofrar villaksen for å behalde oppdrettsnæringa. Men kva vil naturvernarane tilby i staden for oppdrett, til alle som er tilsette i næringa? Ei veke i vadestøvlar? Nei, for ein kan ikkje ha 20 000 nye elvefiskarar. Det toler ikkje villaksen. Laksefiske er og blir eit gode for dei få. Og kampanjen mot oppdrettsnæringa, er eigentleg kampen for ein eksklusiv hobby. Det gagnar absolutt ikkje villaksen som art.

Tekst: Øyvind Kråkås