Søk i arkivet

Salmon Blog: Kyrne på mjølkesjokoladen

Vi lever i ei tid der husdyrhald og matproduksjon ikkje lenger er ein del av kvardagen til folk. Vi er van med foredla og ferdig mat som er ukjenneleg frå dyret han vart skoren av. Men oppdrettsnæringa treng ikkje å vere redde for å synefram  korleis fisken eigentleg veks fram.

Laksen sin viktigaste konkurrent i butikkhylla er kyllingen. Den byr på protein og er lett å tilberede, nett slik som laksen, men han manglar dei sunne omega3 feittsyrene. Kylling vert produsert i ein ultra effektiv prosess, fjernt frå spankulerande påskekyllingar i tv-ruta, og fjernt frå publikum sine auge. Kyllingbønder held ikkje visningar av sin produksjon. Ei slik oppleving ville truleg endre ein del matvanar.

Men føleriet til aksjonistar og byråkratar, har pressa fram underlege kompromiss også i landbruket. Lausdrift og frittgåande høner skal det vere, sjølv om forsking syner at dette aukar stresset hos dyra. Ein kunne jo tenkje seg dette som enno eit argument for at dyrevernarane burde få seg ein tur i fengsel, so hadde dei kanskje sett nytta av å kunne vere innelåste på cella si, framfor å vere overlatne til alle medfangane sine innfall.

Eg tykkjer ein skal ha respekt for dyr, og ikkje påføre dei unødige smerter. I laksenæringa veit vi at det beste for både levande og levert fisk, er minst mogleg stressing under produksjon, transport og slakting. Vi jobbar kontinuerleg for å finne fram til dei beste metodane. Det viktige er at ein tek inn over seg dei behova laksen har i den verkelege verda, og ikkje projiserar på han ein menneskeleg tankegang som medfører heilt unaturlege tiltak. Det blir som at det er viktig å passe på at ungar kler skikkeleg på seg, men eg har lita tru på at hundar eigentleg ynskjer å ha klede på seg.

Norske styresmakter har, slik eg ser det, spekulert i å teikne eit bilete av norsk jordbruksproduksjon som noko nasjonalromantisk og budeiekoseleg. Biletet folk sit med, er nærare kyrne på mjølkesjokoladen enn dei på båsen. Og miljøvernarar så vel som andre konsumentar har slukt eventyret like rått som ulven slukte Raudhette.

Laksenæringa har ikkje fortalt slike historier. Vi har fortalt om ein produksjon i opne merdar i kald, frisk sjø. Og om kinesarar frå den gule floden, eller europearar frå elvebreiddene kjem for å sjå, er det dette som ventar dei. Dei vil bli oppmuntra av å vitje eit anlegg og sjå maten vokse fram, i motsetnad til norske supermarknadskundar, som erstattar torsken med billeg pangasius frå elvane i Vietnam.

Norske bønder har vore flinke og synt fram gardane sine, for å vise arbeidskvardagen sin. Der er korkje snakkande kyr eller syngjande budeier. Folk flest burde unne seg eit gardsbesøk, og tenkje litt over kva det krev å kunne levere den maten dei vil ha, kvar gong dei vil ha den. Og sjølvsagt bør dei vitje eit visningsanlegg for laks. Der kan dei sjå produksjonen på nært hald, og få svar på spørsmåla dei har til næringa. Historia om laksen er kanskje ikkje so søt som mjølkesjokoladen, men mykje sunnare. Og det er eit eventyr. Ikkje med snakkande dyr og snille alvar, men med arbeidsplassar, eksportinntekter og busetnad langs kysten. Det er slikt eg likar å høyre om.

Tekst: Øyvind Kråkås