Søk i arkivet

Aktuelt

Salmon Blog: Når kunnskapen ikkje passar med krava

Forsking er omstendelege greier. Ofte samlast det data i årevis, og dei vert granska frå alle tenkelege vinklar. Når forskarar uttalar seg, er dei varsame. For deira faglege kall er å belyse situasjonar og realitetar, ikkje å velje kva som skal gjerast for å endre på ståa. Å velje veg, overlæte dei som regel til politikarane og dei styrande.

Når ei rekke forskarar var samla i Leikanger, for å snakke om villaks og oppdrettslaks sin sameksistens, var det difor ikkje så mange krasse konklusjonar å høyre. I staden snakka dei lærde om kva ein veit, kva ein trur, kva som er gjort, og kva som bør undersøkjast nærare.

Kunnskapsbasert forvaltning skal vere målet for den prosessen som no vart sparka i gong. Ein vil kome til livs at uklåre og påståtte samanhengar skal gje utslag i måten ein forvaltar villaksen på. Kanskje er det nedbygginga av sjølaksefisket ein har lært av. Denne vart tilsynelatande like resultatlaus som den var framtvinga frå elvehald.

Men tålmodet og atterhalda til forskarane, appellerar ikkje så mykje til dei mest ihuga blant publikum. Der jaktar ein anten på den fliken av ein forskingsrapport som kan brukast til å styrke eins eiga sak, eller ein held fram enkeltobservasjonar som skal undergrave heile den omstendelege forskinga. Dette er hovudfienden til ei kunnskapsbasert forvaltning.

Vilkåra for ei god analyse, er at ein først innhentar data på ein skikkeleg måte. Dernest må ein tolke informasjonen rett. Til sist må ein ta innover seg dei funna ein har gjort, og handle ut frå desse. Om ein på eit tidspunkt, av ein eller annan grunn, skulle finne på å kaste kol på metoden og ta populismen og ønsketenkinga fatt, er arbeidet fånyttes.

Skal vi få ei kunnskapsbasert forvaltning, må ikkje ”føre var” berre innebere at ein skal tru alt det verste om oppdrettsnæringa. Ein må søkje svar over alt der dei er å finne, og i samanhengar som rørar ved elvane og dei som ferdast der. Tendensiøse lesemåtar av forsking, eller anekdotar om nokon som kjenner nokon som meiner å vere klokare enn heile forskings-Noreg til saman, er ingen tent med over tid.

På møtet i Leikanger brukte elveeigarane si tilkjempa taletid på å klage over at dei ikkje fekk snakke frå talarstolen på dette møtet (som var sett av til forskarar). Dernest fekk dei selskap av meir obskure interesseorganisasjonar, til å dra i tvil han eine frå elvebreidda som hadde fått taletid. Viss dette skal vere tonen frå elvefiskarsida, går ein eit vanskeleg arbeid i møte mot ei kunnskapsbasert forvaltning. For kunnskap er ikkje noko kroppen produserar sjølv, det er noko vi stadig må få overført frå andre.  

Tekst: Øyvind Kråkås