Søk i arkivet

Aktuelt

Fleire fylgjer SG sitt eksempel

Etter at Salmon Group ga 165.000 kroner til Røde Kors sitt arbeid i det katastroferåka Japan, har fleire hengt seg på.

Eksportutvalet har no starta ein eiga innsamling, organisert gjennom ei elektronisk innsamlingsbøsse. EFF har opna med å legge 500.000 kroner i bøssa. Fiskebåtredernes Forbund har gjeve 600.000 kroner til det same formålet. Katastrofen råka Japan 11. mars, og ein jobbar framleis med å få kontroll over øydeleggingane.

Japan har ei heilt spesiell rolle i norsk sjømateksport, både når det gjeld pelagisk fisk og laks. Ikkje berre er japanarane sjølve storkonsumentar av laks; dei er og opphavet til den internasjonale og raskt ekspanderande sushi trenden.

Følg linken for å gje pengar gjennom EFF:  http://www.minaksjon.rodekors.no/start-min-egen-innsamling/japan/innsamling.aspx?CollectionId=462