Søk i arkivet

Solidaritet med Japan

Dei lidingane som naturkatastrofen har påført Japan, rører ved alle, og Salmon Group har bestemt seg for å samlast i støtte til det katastroferåka folket.

Grupperinga donerar 165.000 kroner til Røde Kors sitt hjelpearbeid i landet, og oppfordrar alle andre i næringa til å fylgje på. Noreg som fiskeeksportør har eit heilt spesielt ansvar overfor det japanske folket. Japan har i mange år vore ein viktig marknad for norsk fisk; sild, makrell og laks. Ved sidan av fisken japanarane et sjølve, har den verdsomspennande sushi-trenden sitt utspring i denne nasjonen. Vi har mykje å takke dette stolte folket i aust for, og denne fryktelege situasjonen kallar på handling.

Tekst: Øyvind Kråkås