Søk i arkivet

Salmon Group tek leiinga for Laksens Dag

Planlegginga av Laksens Dag i Florø 18. juni er for lengst i gang. Når HAVdyrkerne no sluttar seg til Salmon Group, vidarefører SG posisjonen dei har hatt i prosjektet.

Prosjektet blir ein storstilt dugnad der næringa profilerer seg sjølv gjennom aktivitetar i kystbyen. Arrangementet inngår i eit samarbeid mellom det tradisjonsrike Sildebordet, Kinnaspelet og båtmessa. ”Himmel og hav” vert samlingstittelen for festhelga.

For publikum vil det bli ei mengde aktivitetar heile helga, og mykje vil vere  gratis opplevingar. Finansieringa vil vere eit stort spleiselag for næringa, Eksportrådet og Marine Harvest har alt kunngjort at dei vil bidra. For å kome i mål, vil ein vere avhengige av ei brei støtte frå alle ledd i næringa. Det folkelege og frivillege engasjementet i Florø er kjempestort, no treng ein rett og slett ein del kontantstøtte for å få fuglen opp og fly.

Dette er ein type arrangement som mange har venta på, og Salmon Group har og omtala det i sine strategiar for kommunikasjon og informasjon. Vi håpar difor at alle våre eigne og våre vener vil kjenne si besøkstid og bidra med ein skjerv til arrangementet. Og so er dei sjølvsagt hjarteleg velkomne til å delta!

Det vert Solveig Willis og Øyvind Kråkås som representerar Salmon Group i arrangementskomiteen. Desse tek gjerne imot innspel og ikkje minst påmelding frå aktørar som ynskjer å bidra. For alle frå nettverket som ynskjer å delta ved arrangementet, er der helde av hotellrom. Kapasiteten i byen tilseier at ein bør vere om seg, då hotella vil ha stor pågang når det nærmar seg.

Tekst: Øyvind Kråkås