Søk i arkivet

Salmon Group premierte under kurs i samfunnsansvar

Fredag vart andre og siste del av Innovasjon Norge sitt pilotprosjekt ”Frå godt sagt til godt gjort” avslutta i Florø. Kurset er ei innføring i dei styringsverktøya som finst for eit godt samfunnsarbeid i verksemder, og sikta seg denne gongen inn på sjømatnæringa på vestlandet. Under avslutningsbolken vanka det premiering for særskilde tiltak og strategiar som vart lagde fram frå deltakarverksemdene. Blant dei som fekk ei ekstra merksemd var Salmon Group.

Prosjektet ”Integrert Akvakultur” var blant tiltaka som ga Salmon Group heider, ære og ein bokpremie. I prosjektet tek ein sikte på å utnytte næringssalt frå lakseoppdrett til å dyrke fram tang og tare som kommersielle råvarer. Prosjektet er eit samarbeid med Sulefisk og den hollandske verksemda Hortimare,  og vert realisert med støtte frå Innovasjon Norge.

Den klare samanhengen Salmon Group syner til mellom miljø, samfunn og kommersiell forretning, var blant kriteria som løfta selskapet fram i kåringa. Og det å ha ein tydeleg og offensiv mediestrategi vart verdsett av juryen. Prosjektet “Integrert Akvakultur” si vidare skjebne vert avgjort på eit møte 5. april. Prosjektgruppa ser måla for den pågåande forstudien som innfridde.

Tekst: Øyvind Kråkås