Søk i arkivet

Salmon Blog: Saman om det viktigaste

Så lenge der har vore nettverk for oppdrettarar, har der vore diskusjonar om moglege samanslåingar. Det er no fem år sidan Salmon Partners og Norwell Group fann det tenleg å samle kreftene. Med denne vekas nyhende om oppløysing av HAVdyrkerne, og ei samling i Salmon Group, ser vi truleg den viktigaste konsolideringa av små og mellomstore oppdrettsselskap nokon sinne.

Der er forskjellar mellom norske oppdrettarar. Der er geografiske, strukturelle, økonomiske og kanskje til og med filosofiske forhold som skil mellom ulike aktørar. Oppdrettarane i Salmon Group og HAVdyrkerne har hatt det meste til felles. Dei er lokalt forankra, veldrivne selskap som ynskjer å kunne halde fram med å utvikle seg sjølv og næringa. At dei no slår saman kreftene sine, vil kunne medføre eit nytt tyngdepunkt på denne kanten av næringa.

Sterke røyster går inn for driftsreguleringar som krev større arealsprening for den enkelte oppdrettaren. Ein har alt sett det ei stund; kampane framover vil stå om kvar ein får lov til å produsere fisk. Heile regionar skal leggast brakk samstundes. Lange spissrotgangar i forvaltningsverket må til for i beste fall å sitje att med ein ny lokalitet til å avlaste produksjonen. Så skal der folk og utstyr til, gjerne langt vekke frå der ein har drive tidlegare. Dersom ein skal kunne kome til orde i denne situasjonen, må flest mogleg av dei hardast råka få ei felles røyst. Eit styrka Salmon Group vil kunne vere ei slik røyst.

Sjølvsagt skal ein framleis konkurrere om kven som har den finaste fisken, den beste drifta og oppnår dei beste prisane hos oppkjøparane. Dette er dynamikken i oppdrettsnæringa, ein arv frå fiskeria. Men kanskje meir enn nokon gong før, vil evna til å samarbeide bli prøven på kor sterkt dei lokaleigde selskapa står. Først når vi klarar å einast om dei viktigaste sakene, kan vi utgjere ein felles, slagkraftig front.

Nokre har kalla Salmon Group og HAVdyrkerne konkurrentar. Men for meg har dei to nettverka meir stått fram som dei absolutt næraste allierte i eit hardt løp mot utflytting frå distrikta og sterkare kapitalmakt. Konkurransen i norsk oppdrettsnæring vil ikkje vere svekka av at desse to grupperingane no samlar kreftene. Den vil venteleg bli betydeleg styrka. No vert vi ein aktør det skal bli vanskeleg å oversjå.

Tekst: Øyvind Kråkås