Søk i arkivet

Salmon Blog: Privat kapital er ein ressurs

Under FHL sin konferanse på Solstrand i går, snakka Yngve Torgersen frå Fiskeri- og kystdepartementet varmt om at havbruksnæringa skaper viktige verdiar som mat og sysselsetjing. Han kunne like godt nemnt privat kapital i same slengen.

For lenge sidan, før oljen, før Adecco og før Einar Gerhardsen, sto den private kapitalen heilt sentralt i det norske samfunnslivet. Dessverre var kapitalen for mange forbunden med storbonden, som hadde ei utidig makt over husmennene. I dag er alle nordmenn kapitalistar. Vi eig i stor grad våre eigne heimar, eller står i det minste ganske fritt til å flytte. Vi kan låne opp eigedomane våre, og vi sparer i aksjar og obligasjonar. Likevel har mange framleis enkelte refleksar frå husmannstida.

For i mange tilfelle vert privat kapital nærast sett på som ei slags daudvekt, verdiar som er gått tapte til uproduktive føremål. Men om vi tenkjer oss om støttar samfunnet seg tungt på den private kapitalen. Har du ein god forretningsidè, men manglar pengar, er det ikkje sagt at bankar eller offentlege støtteordningar kjem deg til hjelp. Då er det godt å kjenne ein som har pengar, og som kan gå inn med risikovilje. Likeins kan det vere om du skal samle saman pengar til eit sosialt føremål, enten det er i bygda eller for verda. Då er det godt å ha ein kjenning som kan dra på litt, som kan få ting til å skje.

Sanninga er at Noreg er eit land som har ein manko på privat kapital. Vi er i altfor stor grad underordna offentlege instansar, med deira omstendelege vegar til løysingar og draghjelp. Og spesielt på små stader, er der ein stor forskjell mellom stader som har ein lokal ”Onkel” eller to, eller stader der alle er like velsigna demokratisk fattige. Mykje av utvikliga i dag er basert på forskoteringar. Om ein kan leggje ut, vil der vere råd å få att. Dette gjeld for mange offentlege tilskots- og finansieringsordningar. Har ein då ingen som kan ta forskotet, sit ein der, med lottokupongen mismodig i neven.

Den engelske jernladyen, Margaret Thatcher, sa ein gong; ”Om den barmhjertige samaritanen berre var snill, ville vi aldri ha høyrt om han. Men han var rik og”. Vi må prøve å akseptere at ein del i samfunnet vert veldig rike. Dei er heldige og dyktige med å få verdiane sine til å auke. Veksten i deira formue er oftast basert på at mange andre og har ein jobb å gå til. Desse menneska kan vere ei energikjelde for lokalsamfunna sine behov for økonomiske engasjement og satsing. Dei kan utgjere forskjellen på realisering eller ikkje realisering av gode og viktige prosjekt, både samfunnsøkonomisk og sosialt. Så mi oppfordring til alle lokalpolitikarar blir; prøv om det går an å gå hand i hand med kapitaleigarane, framfor å be den store staten kome og ta hand om dei.

Tekst: Øyvind Kråkås