Søk i arkivet

Salmon Blog: Kva er nok?

Ein kar frå Solund var på ein sjeldan bytur, og hadde sett seg ned for å ete middag på anerkjende Børs Cafè. Der vart han oppsøkt av ein mindre velkledd herre, som lurte på om han kunne støtte han med litt kapital. Sulingen leita i lommene, kom opp med nokre kroner som han delte ut, og spurte; ”Er det nok no?”. Denne øvinga gjentok han fleire gongar. Den andre blei berre ståande med neven framstrakt.

I seinare år har norske kommunar vore atterhaldne til å satse på akvakultur i sitt nærmiljø. Dei får ikkje nok att for det, meinar dei. Felles areal blir stilte til disposisjon, medan eit fåtal sit att med inntektene, høyrer ein ofte. Bakgrunnen er sjølvsagt at mange kystkommunar er fattige. Lågt folketal, dyr infrastruktur og høg del av eldre i befolkninga er med og tynnar ut budsjetta. På same tid fløyter staten oljemilliardar ut i det globale kretslaupet av aksjar, derivat og andre investeringsmiddel. Det er ikkje rart at ein ser seg om etter påfyll for tomme kommunekassar. Noko anna ville vere uansvarleg. Men er det oppdrettarane som sit på løysinga?

Då oljen vart ein del av landet si medvitne formue, var det dei som meinte at kysten burde få ein eigarskap til desse ressursane. Energien som vart henta frå fossefalla, hadde jo som kjent brakt med seg mykje midlar til dei såkalla kraftkommunane. Men slik vart det ikkje. Kysten og havressursane har tilhøyrt sentrale styresmakter, i mynde og i pengar. Skattar og konsesjonsgebyr går inn til refordeling.

Og staten får inn mykje pengar frå oppdrettsnæringa. Intrafish har gjort eit reknestykke som syner at ”norske skattebetalarar” tente 5.000 kroner kvart minutt i fjor, berre på dei fem børsnoterte havbruksselskapa. For kommunane vil det vere den lokale verdiskapinga som gjev den mest direkte effekten. Oppdrett skaper i gode  periodar store verdiar for aksjonærane. Automatisering har medført at ein kan klare seg med høvesvis få arbeidsplassar til ein stor produksjon. Slik er føresetnadane for all moderne produksjon. At den høge produksjonen pr tilsett skulle vere noka ulempe, er ein ganske merkeleg måte å rekne på. Alle norske produksjonsverksemder må klare å produsere mest mogleg med færrast mogleg hender. Alt anna vil gå på konkurranseevna laus.

Bidraga frå loka oppdrettsaktivitet til det offentlege, kjem gjennom sysselsetjing, skatt på personinntekter, skatt på selskap og ringverknader til anna næring. At kommunane reknar desse bidraga for urimeleg små, betyr ikkje automatisk at skattetrykket på næringa er for lågt. Der har vore mange gode, men og mange tunge år økonomisk for lakseoppdrett. Næringa er kapitalintensiv. Det krev eit godt omløp av kontantar å halde drifta gåande, og gode år må forsvare investeringar og drift i svakare år, slik ein har vore van med i primærnæringane. Nye særskattar og avgifter, kan fort verte eit blybelte for næringa i dei vanskelege åra. Arealavgifter er eit døme på ei skattlegging som ikkje tek omsyn til svake prisar eller sjukdomsåtak.

I grisgrendte strok skulle ein tru at kvar arbeidsplass er viktig. Og ulikt mykje annan produksjon, let ikkje lakseoppdrett seg flytte inn til bynære område eller til lågkostland. Mykje av transporten skjer dessutan på sjø, og er ikkje ramma av den dårlege vegstandarden som ofte er ein hemsko for desentralisert næring. Oppbygging av lokal privat kapital er viktig, om ein likar det eller ikkje. Og oppdrett er ei vekstnæring, spelar ein korta rett vil mange kommunar oppnå ein vekst i talet på sysselsette i oppdrettsnæringa. Dette i ei tid då primærnæringane jamt over slit med fotfestet.

Så er det altså slik at kommunane er i beit for pengar. Og ein må gjerne gå i dialog med oppdrettarane for å høyre kva som er mogleg å få til i lag. Men før ein forlangar meir gjennom skattar, bør ein ta ein gjennomgang over kvar det blir av alt det som vert betalt inn allereie. Kanskje kunne kommunane fått behalde litt meir av dei lokalt innkravde skattekronene sjølve? Då ville gode tider i havbruksnæringa gje seg direkte til syne i kommunekassane og. Å svekke konkurranseevna til lokalt næringsliv, høyrest ikkje ut for å vere eit steg i riktig retning.

Så var det moralen: Gubben som vart bomma for pengar ved kafèbordet, måtte tilslutt innsjå at han måtte avslutte tildelinga, før søkjaren ga tilsegn om at no var det nok. For den som står med neven og vil ha, vert det vel eigentleg aldri nok. Men der er ei smertegrense for han som skal gje. Og det er den som til sist må ligge til grunn.

Tekst: Øyvind Kråkås