Søk i arkivet

Ny lokalitetsdagbok er på plass

Erfaringane med ei felles lokalitetsdagbok har vore gode. Det forrige opplaget er på det meste vekke, og ei ny og oppdatert utgåve er no på plass.

Den nye dagboka byggjer på skjema og erfaringar frå den vi har hatt, men har teke opp i seg ein del ynskje frå brukarane. Eit nytt skjema for luseteljing er på plass, samt ein rubrikk for salinitet i vær-loggen. Besøksloggen er og endra for å imøtekome krava frå Global Gap.

Boka er trykt med støtte frå tre leverandørar; EWOS, BioMar og Produs Aqua AS. Desse har kvar si heilsides annonse framme i boka.