Søk i arkivet

Lyst å vitje eit oppdrettsanlegg i sommar?

Blom Fiskeoppdrett AS har satsa på å vise folk flest korleis moderne fiskeoppdrett vert drive. I samarbeid med Kystmuseet i Øygarden, driv familieverksmeda Øygarden Visningssenter. Senteret er eit populært reisemål for turistar, skuleelevar og andre som vil besøkje eit stykke norsk, veldrive fiskeoppdrett.

Utstillinga på land er lokalisert til kystmuseet sine flotte lokale i Ovågen. Like utforbi ligg visningsanlegget, der ein har utstilling på den romslege flåten, og kan gå langs merdkanten for å sjå fisken på nært hald. Folk frå fjern og nær kjem og opplever denne nærkontakten med ei næring svært mange kjenner berre heilt overflatisk.

Salmon Group ser på visningssenteret som eit glimrande høve til å vise fram næringa, og la folk få ta del i det eventyret norsk oppdrett har vorte.

Ta turen til Øygarden for å oppleve næringa med eigne auge! Sesongen går frå mai til august. For meir info og opningstider, sjå visningssenteret sine heimesider; http://www.salmoncenter.no

 Tekst: Øyvind Kråkås   Foto: Blom Fiskeoppdrett AS