Søk i arkivet

Eit Lofoteventyr

Det er tidleg laurdag morgon i Svolvær, og ein delegasjon i raude kjeledressar leitar seg fram til den kjende kvalfangstskuta ”Nybræna”. Litt trøytte etter Lofotbyens natteliv, men klare til å erobre havet og den legendariske skreien.

VM i skreifiske har vore arrangert tjue gongar før, men dette er første gongen at ein delegasjon frå Salmon Group har funne vegen dit. Væpna med handsnøre og pågangsmot, skal dei tevle om tittelen. Der er premiering for største fisk og største fangst.

Der er framleis vinter i nord, men havet er slett ikkje avskrekkande denne laurdagen. SG stiller med dei rutinerte fiskeskipparane Ole Morten og Mons Eivind Troland, og sistnemnde entrar styrehuset for å leite oss fram på loddet til dei beste førekomstane.

Det tek ei stund før fisken bit, og den første som finn vegen over rekka, er ein stygg og misnøgd steinbit. Dei innfødde skumlar om at ”haldet” hos søringane truleg har vorte for dårleg.

Men så løyser det seg opp, fisken glir innover dekk i stride straumar. Sjefsbløggar og styreformann, Jostein Kråkås, spring mellom fiskarane for å hjelpe til.

Dagen på sjøen ender opp med innveging av fangsten på kaia. Ingen av våre tevlar om tittelen, men ein av karane som var med båten, viser seg å ha den nest største fangsten i heile meisterskapen.

Ei flott økt avsluttast med skreimiddag og landskamp framfor fjernsynet. Det snakkast om at ein ny SG tradisjon kan vere etablert.   Neste år bør mange fleire av våre finne vegen til Lofoten, og ei fantastisk helg med naturopplevingar og nordnorsk gjestfridom.

Tekst og foto: Øyvind Kråkås