Søk i arkivet

Avtale med NOOMAS om sertifisering

For å imøtegå krava som vil kome med den nye Nytek-forskrifta, har Salmon Group inngått ein rammeavtale med NOOMAS. 

Avtalen skal sikre oss dei tenestene og kompetansen vi treng for å vere i rute ved årsskiftet. Nytek-forskrifta er ute på høyring til 15. april. Etter dette vil ein ha ut året på seg til å tilpasse eksisterande anlegg til dei nye krava. Salmon Group vil oppfordre alle sine eigarar på sjøsida til å starte prosessen tidlegast mogleg, for å unngå prispress på utbetringar og modifiseringar. Ein kan fritt tenkje seg at der vert seljars marknad hos verkstader og andre leverandørar utover hausten og vinteren.

Tekst: Øyvind Kråkås