Søk i arkivet

Sushi på TV 2 måndag

Alle som var på Solstrand møtet 4. februar, fekk sjå ein smakebit av Arne Hjeltnes sitt program om korleis norsk laks fann vegen inn på sushimenyen. Måndag 28. februar sender TV2 programmet i sin heilskap frå klokka 20.00.

Programmet er eit interessant og informativt arbeid om korleis norsk laks vart ei viktig råvare i den verdsomspennande sushitrenden. Sushi er gamal mattradisjon i Asia, og det var ikkje berre opplagt at oppdrettslaks skulle bli ei viktig råvare innforbi denne kjøkenkunsten. Vel verd å få med seg.