Søk i arkivet

Salmon Blog: I positive sko

Det kokar igjen i oppdrettsnæringa. Akkurat idet to ministrar skulle løfte av loket og sjå på alt det flotte som skjer i næringa, fossa der ei stor rømming midt i synet på dei. Og kjappare enn laksen finn holet i nota, fyller gribbane lufta og presenterar sine krav til næringa og regjeringa.

Kunnskapen om oppdrett er kanskje låg i store delar av Norge, men Rasmus Hansson i WWF bryt seg fram til TV2 sine kamera med eit lynkurs; ”opdretterne, disse som heller fisk oppi nett i sjøen”, seier han. So er ein i alle fall sånn nokolunde stø på kven han meinar. Og det han meinar, saman med eit korps av ulike andre organisasjonar av ulike formålsparagrafar, er at der må stillast strengare krav til oppdrettsnæringa. Men kva krav er det eigentleg som blir stilte? Og kvifor?

I slutten av januar sto Frank Asche, professor i økonomi ved Universitetet i Stavanger, fram og hevda at elveeigarane er den verkeleg store trusselen mot oppdrett i Noreg. ”Villaksinteressene vil påtvinge næringen kostnader som til slutt vil gjøre den ulønnsom”, sa han til Intrafish. Asche meinar at elveeigarane, saman med Norges Jeger og Fiskeforbund, pressar fram tiltak som tilsynelatande skal betre tilhøvet mellom vill og avla laks, medan realiteten er at dei tappar oppdrettsnæringa for all lønsemd. Erik Sterud i Norske Lakseelver nektar for slike lumske intensjonar. ”Vi vil ikke ta livet av næringen, vi ønsker bare at næringen totalt sett skal få et positivt fotavtrykk”, seier han. Kva meinar han eigentleg med det?

At eit fotavtrykk kan vere positivt, er for meg ganske ny kunnskap. At det kan vere svært negativt, dersom ein til dømes trakkar i salaten, er velkjent. Sporet etter skitne støvlar på eit nyvaska golv, kan vel heller ikkje høyre til under den positive kategorien. Mest truleg må vi prøve å dekode Sterud sitt uttrykk for å skjøne kva han vil fram til. Ordet fotavtrykk er mykje brukt i høve til karbonutslepp. Den samla utsleppsmengda av ei handling, ei vare eller ei verksemd, vert gjerne oppgitt som karbon- fotavtrykk. Det må gjerne vere denne uttrykksmåten Sterud relaterer seg til.

No er ikkje karbonsutsleppa frå lakseoppdrett spesielt høge, målt opp mot andre typar matproduksjon. Snarare tvert om; laksen nyttar fôret svært godt, nesten heile dyret kan etast, og dei utsleppa ein får, er stort sett knytte til transport. Kanskje tenkjer ikkje Erik Sterud spesielt på klimaet og global oppvarming, der han står ute i det kalde elvevatnet. La oss heller tru at han meinar total miljøpåverknad, når han seier ”totalt fotavtrykk”.  I så fall må ein rekne med utslepp til sjø, uttak av fiskeressursar til fôr og påverknad av ville laksebestandar. Dette er dei viktigaste arbeidsområda næringa ser føre seg på miljøsida. Ein jobbar aktivt med utvikling av nye fôrtypar, å halde lusetala nede, å få bukt med sjukdomar,  å få kontroll på utsleppa og nye standardar som skal gjere rømming mindre sannsynleg. Og målet bør sjølvsagt vere at den negative påverknaden, det totale fotavtrykket, skal vere minst mogleg. Men korleis kan det bli positivt?

Der er svært få typar av produksjon ein kan tenke seg som totalt sett positive for naturen. Sannsynlegvis ville nok naturen greidd seg aller best utan at ein dreiv fiskeri, skogshogst, beiterydding, grasproduksjon for vinterfôring av dyr, kornproduksjon, oljeutvinning, aksjemekling og alt anna vi menneske finn på. Dette er jo ikkje ting vi driv med for å bygge opp naturen, men for at vi menneske sjølve skal overleve som art. Kan det så vere at Sterud meiner at menneskeleg omsyn og skal takast inn i faktoren for positivt fotavtrykk? I så fall byrjar målingane å bli svært kompliserte.

For kven er det som kan bestemme kva som totalt sett er positivt? Den eines død, den andres brød, har vi lært. Om nokon produserer mat som er sunn, ønska av mange menneske og slepp ut høvesvis lite karbondioksid i prosessen, er det då totalt sett positivt? Og kva negative konsekvensar er negative nok til å gjere det totale fotavtrykket negativt? For å kunne investere, utvikle og drive næring, lyt ein kunne forvente meir spesifikke krav enn ”totalt sett positivt”. Ein må i størst mogleg vite kva premissar som gjeld for drifta i morgon, resten av året, og aller helst eit par år fram i tid. Ein slik horisont får ein ikkje gjennom Sterud sine fotavtrykk. Dei kan bli vekke som spor i sanden. Mistanken til slike utspel glir lett over i det Asche siktar til; ein vil få krav som stadig endrar seg og lokkar ein lenger fram på kanten. Tiltaka som vert i gang sette med positive intensjonar, får ikkje tid til å verke før ein opplever ei hending som løyser ut nye krigsrop om strengare krav.  Til slutt er det ikkje lønsamt å drive oppdrett i Noreg. Kven er det totalt sett positivt for?

Tekst: Øyvind Kråkås