Søk i arkivet

Salmon Blog: Habilitetens handplukka herrar

Den forrige veka byrja dramatisk. Ein forskar hadde laga ein rapport som synte noko ingen ville ha trudd; at den totalt uavhengige medieverksemda TV2 hadde vore einsidig i si dekning av lakseoppdrett. Til overmål skulle dei ha lete seg bruke av ein totalt uavhengig aktivist. Som om det å redde verda skulle vere nokon skjult agenda.

Utover dette sjokkerande utspelet inneheld rapporten svært lite å la seg kave opp med. Den seier at den jamne dekninga av laksestoff har vore ganske balansert, men svak på sakskunnskap. Og at bak dei firkanta overskriftene har det vore mange godt avrunda kommentarar. Det er slik vi har vant oss til avisene; dei ropar på ordet, men når dei kjem til, var det kanskje ikkje so viktig likevel. Dei er som ein ubudd men ivrig elev; dei kan ikkje so mykje av leksa, men har svært lyst å få sagt noko likevel.

Men så er det altså TV2, her representert ved nettsidene, som får ein liten peikefinger frå professoren. Og kva er meir naturleg, når nokon påstår noko om habilitetens politi, enn å så tvil om vedkomande sin habilitet? No var nok ikkje professor Andenæs vekas mest inhabile. Det må vel ha vore dei hundretusenvis av narkomane Al Qaida- tilhengjarane som tok til gatene i Libya. Men i alle fall  fann habilitetspolitiet grunn til å tvile på rapporten. For det var næringa sjølv som hadde betalt for han.

Oppdragsforsking er noko vi har lært oss å tvile på, fordi mange løgne konklusjonar har blitt dregne av mange folkefiendtlege bransjar. Og i debatten som oppsto som fylgje av rapporten, var der mange som let seg freiste til samanlikningar med tobakksbransjen i Amerika. I staden for å imøtegå metoden eller argumenta, drog ein kort og godt viljen til professoren i tvil. Men kven kunne så ha bestilt rapporten, for at ein skulle feste lit til han? Statsministeren? Nei, han tenkjer berre på å bli attvald. Fiskeri- og kystdepartementet? Nei, der sit dei med ein inhabil minister, så dei kan ein ikkje lite på. Fiskeridirektoratet? Nei, der sit og folk som har band til næringa. Mattilsynet? Nei, dei vil berre skjule at dei ikkje har vist sitt ansvar med å legge næringa i grus. Antakeleg burde ein ukjend mann i det nøytrale Sveits ha bestilt rapporten. Eller so måtte media sjølve ha gjort det? Slik at ein visste at alt blei rett.

For oppdrettsnæringa sin del, er det lite fruktbart å gå inn i lange diskusjonar om redaksjonelle retningsliner og bruk av kjelder. Media gjere som dei vil, likevel. Men det som er trist, er at media generelt sett er så lite opptekne av å gje folk grunnleggande informasjon om samfunnet vi leve i , verdiane som blir skapte og alt vi driv med i kvardagen. I det minste kunne ein vel fortalt kva lakselusa eigentleg er, slik at folk slapp å tru at den er farleg for barnehageborn? Når varehandelen sine folk er ute og seier at dei får for liten informasjon om problema kring laksen, trur eg ikkje det grunnar i ein uvilje hos styresmaktene og næringa om å informere. Ein er berre ikkje klar over kor grunnleggande den informasjonen må vere. Det er faktisk lite truleg at dei som jobbar med innkjøp til daglegvarebransjen, veit særleg mykje om kvifor ein brukar så mykje pengar og krefter på å bli kvitt lusa.

Media lærer oss ingenting om det grunnleggjande i alle desse konfliktane dei tek på seg å skildre. Til slutt sit vi der, livredde i stresslessen. Omgjevne av mafia, superheltar, lakselus og konspirasjonsteoriar. Der er ein gjeng som er ute etter oss, dei er tvers gjennom kyniske, vi veit berre ikkje kvifor.

Det generelle rådet må bli at folk søkjer andre stader enn mellom korte nyhendeglimt og bombastiske overskrifter når dei skal legge grunnlaget for meiningar i viktige saker. Som aktørar i oppdrettsnæringa har vi sjølvsagt eit ansvar for å tilby ei djupare forståing for det vi jobbar med. For ting er som regel ikkje så enkelt som TV vil ha oss til å tru. Men ofte heller ikkje så skummelt.

Tekst: Øyvind Kråkås