Søk i arkivet

Aktuelt

Omdøme i sentrum på Solstrand

Fredag 4. februar gjekk det årlege Solstrand-møtet av stabelen. EWOS si bransjesamling baud på namn som er velkjende for dei fleste, og under fagdelen var det omdøme som sto i sentrum. I sitt føredrag meinte Arne Hjeltnes at næringa har alt å vinne på dette feltet.

Hjeltnes heldt fram at omgjevnadane den norske laksen er produsert i, er blant dei reinaste og vakraste i verda, og at dette vil gjere eit godt inntrykk på kjøparar i meir folkerike og forureina område. Også Cermaq sin administrerande direktør, Geir Isaksen, snakka om omdøme i sitt innlegg. Han peika på dei kapitalsterke amerikanske interessene som finansierer mykje av motstanden som oppdrettsnæringa opplever, både her heime og i resten av verda. Isaksen bad om tettare samarbeid i næringa for å demme opp mot angrepa. Vel kan mykje av skuldingane verke grunnlause, men dei som set dei fram er langt frå ressurslause.

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg Hansen kom til Solstrand som stand in for finansminister Sigbjørn Johnsen. Berg Hansen ynskjer at næringa skal vere flinkare til å ta initiativ i vanskelege saker. Og initiativ kom der definitivt frå næringa sin eigen rikskjendis, Ola Braanaas. Han synte til dei positive ringverknadane hans verksemd har hatt for lokalsamfunnet, og tok samstundes fram symbol frå ei tid då arbeid og verdiskaping sto sentralt både i politikken og parolane. Biletet av Kronprins Olav, som læt seg avbilde på etiketten til ein sardinboks, var eigna til å skape perspektiv på korleis tidene har endra seg.

Kvelden vart avslutta med trerettars middag og frisk underholdning frå kjendiskokk Frode Aga og artisten Bjørn Jensen. Også Salmon Groups eigen Jostein Kråkås tok ordet, tradisjonen tru. Han framheva det overraskande høge matematiske nivået, som samlinga hadde gjeve for dagen.

Tekst: Øyvind Kråkås

Vår store matematikar, Nils Henrik Abel