Søk i arkivet

I rute til Holmenkollen

Ski-VM i Oslo er like om hjørnet, men som vanleg ligg Salmon Group godt føre den jamne tv-sjåar. Her har påmeldinga til årets Holmenkollstafett allereie teke til, og arrangementsjef Arild Hagenes kan bekrefte at deltakinga alt er sikra.

Fjorårets vellukka arrangement har tydeleg gjeve meirsmak, og i tillegg ligg det an til fleire debutantar under årets løp. Det 15 etappar lange løpet startar på St. Hanshaugen og ender med spurt på Bislett Stadion. 14. mai er årets arrangementsdato. Ved sidan av dei 15 atletane som skal i elden, er det ynskjeleg at flest mogleg tek turen for å vere med på folkefesten og nyte ein laurdagskveld i hovudstaden.

Tekst: Øyvind Kråkås  Foto: Arild Hagenes