Søk i arkivet

Aktuelt

Oppdrettarar hjelper Vossolaksen attende

”Vossolauget” er eit framståande døme på at oppdrettsinteresser engasjerer seg i villaksen si overleving. Saman med kraftselskap, bankar, lokale fond og næringsliv, samt kommunar fylkeskommune, starta ein i 2008 eit prosjekt som no gir gode resultat.

”Vossolauget” vart skipa for å hjelpe laksebestanden i elva ut av den dårlege trenden, som skriv seg attende til ein total kollaps på slutten av 1980-talet. Tradisjonelt har laksen frå Vossovassdraget hatt eit internasjonalt ry som verdas største villaks. Hovudutfordingane for laksen har skifta gjennom åra; frå drivgarnfiske, via vassdragsregulering og vegbygging, til lakselus og rømt oppdrettslaks.

Jakob Blom (til venstre) er vara til styret i “Vossolauget”

Prosjektet er både eit forskings- og restitusjonsprosjekt; ein har sett inn sterke ressursar på å finne ut kvifor bestanden gjekk til grunne, og kva for tiltak som må til for å bygge han opp att. Dei to siste åra har ein ført Vosso-smolt i spesiallaga kar forbi lokale utfordringar og ut i havet. Saman med samordna avlusing, forsking og evaluering, utgjere klekking av Vosso-rogn, smoltproduksjon i Evangervatnet og utsleping, ”Vossolauget” sine hovudaktivitetar. Etter to utsett, kan ein no konkludere med at utsetjinga tenar til formålet. Jamt og trutt vender laksen attende til elva.

”Vossolauget” er ikkje berre eit døme på eit tiltak for å minske påverknaden frå oppdrettslaksen, men illustrerar på same tid kor viktig det er å ta innover seg heile trusselbiletet villaksen står over for.  Til dømes syner forsøksfiske at sjøauren i fjorden står for ei betydeleg skattlegging av den utvandrande smolten. Når målet er best mogleg vilkår for fisken i elva, er det sentralt å bruke ressursar på alle vesentlege faktorar. Prosjektet lar naturen, og ikkje prestisje og eigeninteresser, fordele skulda for laksen sine vanskar.Målet med prosjektet er at Vossolaksen igjen skal kome opp nå eit nivå der den reproduserer seg sjølv, utan tilførsel av smolt. Kartlegging av vasskvalitet og utfisking av rømd laks vil vere viktige innsatsfaktorar for å klare dette.

Ved sidan av å gje grunn til optimisme på vegne av Vossolaksen, gir prosjektet gledelege erfaringar med korleis eit samarbeid mellom oppdrettarar, lokale interesser, fagmiljø og andre bidragsytarar kan produsere gode resultat.   

Oppdrettarane som er med i prosjektet er:

Blom Fiskeoppdrett AS (Salmon Group)

KJ Eide Fiskeoppdrett AS (Salmon Group)

Fyllingsnes Fisk AS (Salmon Group)

Fjord Drift AS

Lerøy Vest ASA

Sjøtroll Havbruk AS

Marine Harvest ASA

I tillegg kjem ei rekke utstyrsleverandørar, og leverandørar av rogn og fiskefôr