Samansett løysing på luseproblema

Med det komande regimet for tillatne lus på oppdrettslaks, vil ein truleg måtte finne ei samansett løysing for avlusinga. Ingen kjend metode vil åleine kunne gje bukt med problemet.

Frå nyttår av vil avlusing med såkalla skjørt ikkje bli akseptert av Mattilsynet som ein metode for å få bukt med lusa. Denne har så langt vore den mest brukte måten å avluse på, og ein vil såleis stå overfor ein del nye utfordingar kring den praktiske utøvinga av kampen mot lakselus.

Bruk av heil pressenning er framsett som den nye, dominerande metoden, men erfaringane med dette er så langt avgrensa. For å føle seg sikre på at ein møter dei nye reglane på ein god måte, satsar no Salmon Group på ein samansett handlingspakke mot lus.

Nyleg gjennomførte Hennco laks AS ei vellukka avlusing med brønnbåt, og dette vert no diskutert som ein av dei måtane som rykker opp i lusekampen. Bruk av leppefisk er allereie vanleg hos mange oppdrettarar, men dei strenge grensekrava gjere til at parasittetaren åleine ikkje kan beskatte lusa nok. Salmon Group har og høge forventningar til bruk av såkalla påslagshemmarar i fòret. Det innebære at ein tilsæt organiske stoff som fører til større utskiljing av slim til fisken sitt skinn. Slimlaget skal gjere det vanskelegare for lusa å få feste på vertsdyret.

Kritikken har vore svært hard mot Mattilsynet sitt nye regelverk for lusebekjemping. Motførestillingane er baserte på at der ikkje er tilgjengelege metodar for å nå dei nye grensene, og at grensene i seg sjølve kan vere so lave at dei virkar drivande på framveksten av resistens mot eksisterande lusemiddel. Vonet er at fornuften nok ein gang skal vere panikken sitt beste korrektiv.