-Her misforstår liberalistane

Publisert 30. september 2014

Stortinget-Dei liberalistiske kreftene i norsk politikk synest å tru at dei no opnar opp for større konkurranse i gjennom å oppheve eigarskapsreguleringa, medan dei faktisk er i ferd med å kysse konkurransen god natt. Les mer…

Demonstrasjon av enklare kvardag for notvask

Publisert 29. september 2014

demo3  – Vi er glade for å endeleg vere i gong med demonstrasjonar og få vise oppdrettsnæringa og serviceselskap kva den nye ØM Yanmar notvaskaren kan gjere for dei, seier Steinar Holen dagleg leiar i Østerbø Maskin AS. – Vi har testa og optimalisert løysinga for norske forhold i eitt år no. Den nye modellen vaskar omtrent fire gongar raskare enn den forrige.

Internasjonal interesse

Representantar frå både Yanmar Japan og Europa var til stades under demonstrasjonane. Takitarou Osaka er å rekne som «notvaskarens far» og har jobba med dette prosjektet i 14 år. Han ser det som viktig å komme heile vegen til Noreg for å sjå produktet i bruk, sidan forholda er ganske ulike Japan. Slik kan Yanmar sikre eit produkt tilpassa våre forhold. – Østerbø Maskin er i dag ein av to forhandlarar av denne typen notvaskar i Europa, så potensialet her er stort, seier Holen.

Enkelt vedlikehald

Demonstrasjonane har vore i veke 39 hos Lingalaks AS i Hardanger, der den første eininga i Noreg er i drift.

Svein IngeNotvask3 Henriksen, pilot hos Lingalaks, køyrde vaskeroboten på 120 m spissnøter. Ein jobb som tek om lag to timar totalt. Dei frammøtte ga uttrykk for at dei var fornøgd med det dei såg. Fleire av dei har frå før erfaring med den forrige modellen frå ØM. Gjennomgåande var tilbakemeldingane at dette er ein slitesterk modell som krev lite vedlikehald. -Trass i dette fekk me ei lita belteavsporing undervegs grunna ein teknisk svikt, fortel Holen. – Dermed fekk vi (ufrivilleg) demonstrert kor kort tid det tar å få sette beltet på plass igjen, ler han.

Tåler straum godt

Henriksen hos Lingalaks AS, fortel at ein av dei gode eigenskapane han har merka seg er at vaskaren tåler mykje straum i sjøen. Dette er fordi ØM Yanmar brukar eit patentbeskytta system der trykket frå vaskevatnet først driv tre propellar som skyv vaskaren inn mot nettet før det går i dysene.

I tråd med Sintef-rapport

demo3I Sintef sin siste rapport om vasking av not i sjø (Sintef A26269), er det å føretrekke mindre trykk mot nota for å hindre slitasje. – Det er nettopp der me er gode, fortel Holen. – Ved å ha rutinar der ein vaskar ofte vil ein lett kunne vaske nota med berre 80-100 bar trykk på dysene, og dermed skåne nota for unødig slitasje.

Norskprodusert utstyr for betre HMS

Sjølve notvaskaren blir produsert av Yanmar i Japan, men ekstraustyret som gir det vesle ekstra, blir laga lokalt på Østerbø. Dette er ein viktig del av leveransen og sikrar trygg transport og lett opptromling av slangen. Eit viktig HMS-tiltak sidan operatøren slepp å slite på tunge slangar eller ha desse liggande laust på dekket.

Østerbø Maskin viste og fram ein støysvak pumpeunit som driftar notvaskaren. Denne styrast direkte frå operatørplass

Oversikt frå operatørplass

Operatøren sin plass under vasking er i stolen med skjermar og joystick. Her er det og oversikt på viktige opplysningar som pumpetrykk, omdreiing på motor, djupne på vaskar, etc. Kamera leverer god bildekvalitet opp til operatøren og gir eit godt innblikk over tilstanden til nota. Det er gode enkle styreknappar der ein kan regulere hastighet på belta, svinge vaskaren etc.

Notvask + Leppefisk = sant

Når notvask blir enkelt og grundig, kan du vaske så ofte det trengs. Dermed blir det gode leveforhold for leppefisk som kan konsentrere seg om kampen mot lakselusa.

– Det handdemo4lar om å vaske ofte, og da må det gå raskt og effektivt, avsluttar Holen.

 

Fakta notvaskar

Vaskefart: 1600 m2 i timen

Vaskebreidde: 190 cm

Vekt: ca 500 kg

Ytre dimensjonar: (lxbxh) 1358x2287x874mm

Bilettekstar:

Bilete 1: ØM Yanmar Notvaskar klar til innsats i Hardangerfjorden

Bilete 2: Tilskodarane følger med på demonstasjonen

Bilete 3: Øyvind Høie og Hermund Asheim (nr 2 og 3 f.h.) frå Marine Harvest var imponert over det dei såg på demo. Her saman med F.v.: Svein Inge Henriksen (Lingalaks), Takitarou Osaka (Yanmar) og Fredrik Mo (Lingalaks). Bak dei ser vi notvaskaren og slangetrommel.

Bilete 4: Rein not etter vask.

Meir informasjon (inkl video) om notvaskaren på nettsidene våre: http://osterbo.no/notvask/

Tekst: Kristin Myren      Foto: Steinar Holen

Meir informasjon:

Steinar Holen: steinar@osterbo.no mob: 48 16 17 23

 

 

Solund formannskap fekk eit glimt av morgondagens havbruksnæring – Første lakselusa i Sogn og Fjordane vert skoten med laser

Publisert 25. september 2014

Orienteringar på lokalitet Furuholmen. Frå venstre Tom Færøy, Øystein Espeland, Eivind Espeland, Linne Lending og Sigve LerpoldTorsdag 18.september besøkte Solund formannskap oppdrettsbedrifta Sulefisk AS, eit lokaleigd oppdrettsfirma med innovasjonslyst. Michael Niesar (dagleg leiar), Øystein Espeland (styreleiar), Eivind Espeland (styremedlem) og Sveinung Kråkås frå Sulefisk orienterte formannskapet om deira drift. Les mer…

Osland Havbruk teiknar avtale med Sogndal Fotball

Publisert 25. september 2014

Sogndal FotballOsland Havbruk i Bjordal har gått inn som ein betydeleg samarbeidspartnar til Sogndal Fotball. Les mer…

Frå Ukraina for å lære om laks

Publisert 24. september 2014

Ukrainsk besøk5 journalistar frå ulike ukrainske media var tysdag i Bergen for å lære om laks og oppdrett. Les mer…

Utrygg på historia?

Publisert 23. september 2014

CermaqDet statlege oppdrettskonsernet Cermaq er i alle media for tida, i samband med bodet frå japanske Mitsubishi. Men kjenner du selskapet si historie? Les mer…

Salmon Blog: Vinden blæs vekk frå land

Publisert 23. september 2014

Cermaq er for sal, det er uro rundt John Fredriksen sine eigarinteresser og regjeringa vil oppheve dei siste restane av eigarskapsregulering. Norsk oppdrettsnæring kan verkeleg vere på veg inn i ein meir global fase. Les mer…

Ny aksjonær i Salmon Group

Publisert 18. september 2014

Pure Farming ASSalmon Group har gleda av å kunngjere at ein ny aksjonær sluttar seg til nettverket. Det er det nystarta selskapet Pure Farming AS som no går inn i fellesskapen av lokaleigde lakseprodusentar. Les mer…

Har dobla omsetnaden i Ahlsell-avtalen

Publisert 18. september 2014

Torbjørn JohnsenEtter at Salmon Group inngjekk felles avtale med grossisten Ahlsell, har innkjøpa til aksjonærbedriftene dobla seg. Spesielt den nye antistatiske fôrslagen har slege godt an. Les mer…

Likegyldighet til råderett over den blå åker

Publisert 17. september 2014

Svein A. ReppeDe fleste tenker på et stykke landjord eller et fiskevær når ordet allmenning blir brukt. I tillegg tenker vi på alles rett til å ferdes i utmarka selv om den er på private hender. Allemannsretten er et gratis fellesgode som etter hvert har blitt en del av vår kulturarv. Les mer…

Blogg frå ein student i praksis 2

Publisert 16. september 2014

Fisk Gjennom samarbeidet med Linjeforeningen for Fiskelse- og Havbruksbiologi ved UiB, hjelpte SG til med å skaffe studentar praksis ved ulike oppdrettsverksemder i sommar. Studentane har skrive om sine opplevingar i næringa. Les mer…

Suverene på setjefisk

Publisert 15. september 2014

Ronald og ChristineAlle dei fem beste setjefiskselskapa på driftsmargin er i Salmon Group. Og best av alle var… Les mer…

App skal gjere tryggingsarbeid enklare

Publisert 15. september 2014

MobilEffektiv avvikshandsaming er ein føresetnad for å gjere arbeidsplassen trygg, fisken frisk og unngå miljøutslepp. Salmon Group lanserer no ein app som skal gjere kvardagen på anlegga enklare og tryggare. Les mer…

Gratulerer, Coast Seafood!

Publisert 12. september 2014

Coast SeafoodCoast Seafood i Måløy feirer denne helga 20 års jubileum. Salmon Group stiller oss i rekka av gratulantar. Les mer…

Blogg frå ein student i praksis

Publisert 11. september 2014

SmoltGjennom samarbeidet med Linjeforeningen for Fiskelse- og Havbruksbiologi ved UiB, hjelpte SG til med å skaffe studentar praksis ved ulike oppdrettsverksemder i sommar. Her er rapport frå ein av studentane. Les mer…

Kle deg til suksess

Publisert 11. september 2014

Vi har enno Salmon GArildroup fleecejakke på lager. Bestill raskt, og få med Salmon Group skyggelue i same prisen. Les mer…

Demo av ny notvaskar

Publisert 8. september 2014

notvask2Østerbø Maskin AS har gjennomført ein testperiode på sin heilt nye notvaskar hos Lingalaks AS. No ynskjer dei å presentere vaskaren for resten av oppdrettarane. Det skjer i Hardanger 23. september. Les mer…

Sjå film frå VM i sjakkelkasting

Publisert 5. september 2014

Kristin SandbergTo veker har gått sidan seinsumaren sitt vakraste eventyr, VM i sjakkelkasting. No kan du sjå filmen som får deg til å lengte attende, eller ynskje at du var der.. Les mer…

Frå Taiwan til Torget i Bergen

Publisert 5. september 2014

Taiwan1 Måndag møtte ei gruppe taiwanske mediefolk opp på Norsk Sjømatsenter i Bergen for å lære meir om laksen og oppdrettsnæringa. Les mer…

Kan samdrift eller samlokalisering føre til økt produksjon og fortjeneste?

Publisert 3. september 2014

SalmoNor

Av Lars S. Alsaker og Halfdan Mellbye

Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange DA Les mer…