Søk i arkivet

Grøne løyve: Vedtak i gruppe C kjem i juni

Publisert 30. april 2014

FirkløverFaggruppa for tildeling av grøne løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure 2013 følgjer oppsett plan. Vedtak om tilsegn og avslag i gruppe B er ferdigstilt. Gruppe C vil bli ferdig i juni. Les mer…

SalmoNor AS ny medeigar i Salmon Group

Publisert 30. april 2014

SalmoNorSalmon Group har gleda av å presentere SalmoNor AS som ny medeigar i nettverket. SalmoNor AS drive oppdrett av laks i Ytre Namdal. Selskapet har sju matfiskkonsesjonar, ein visningskonsesjon og eige setjefiskanlegg. Les mer…

Samarbeid gir knallsterk musikkplakat

Publisert 29. april 2014

ReggaeTakka vere tett samarbeid med arrangementa Laksens Dag og Sildebordet, er musikkfestivalen til Florø Rockeklubb i år i stand til å toppe arrangementet sitt helga før Jonsok. Les mer…

Marint Vekstforum fronta innovasjonsplattform

Publisert 29. april 2014

Ocean InnovationMarint Vekstforum, Maritim Forening og Fram Flora var vertskap når Ocean Innovation Community vart presentert for næringslivsaktørar i Sogn og Fjordane. Les mer…

Stor interesse for ny teknologi

Publisert 28. april 2014

CanadaKonferansen for ny havbruksteknologi i Florø i forrige veke, fekk synt fram ei stor breidde av prosjekt. Nokre har mykje praktisk erfaring å vise til, andre er på teiknebrettet. Les mer…

Amerikansk heider til Salmon Group oppdrettarar

Publisert 27. april 2014

Kvarøy FiskeoppdrettI høve Whole Foods Market si årlege prisutdeling til sine leverandørar, har dei valt å setje pris på Selsøyvik Havbruk og Kvarøy Fiskeoppdrett. Les mer…

Osland investerer i Østerbø Maskin

Publisert 24. april 2014

ØsterbøErik Osland, styreleiar i Salmon Group og eigar av Osland Havbruk, går inn på eigarsida i den mekaniske verksemda Østerbø Maskin AS i Høyanger. Les mer…

«Her bommar Mattilsynet på målet»

Publisert 23. april 2014

ErikStyreleiar i Salmon Group, Erik Osland, reagerer på at Mattilsynet har kome med innspel om stogga vekst i havbruksnæringa til verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane. –Her ser ikkje Mattilsynet framfor sine eigne skotuppar. Denne planen skal vere ein strategi for fleire tiår framover, og vi kan ikkje ha som strategi å mislukkast, seier Osland. Les mer…

Tar fart med Pål Anders

Publisert 11. april 2014

Pål Anders UllevålseterVi har gleda av å annonsere at Salmon Group har innleia samarbeid med motorsport-utøvaren Pål Anders Ullevålseter.

–Vi ynskjer å jobbe ilag med Pål Anders fordi han er ein drivande flink fyr, og fordi han som oss er ein liten aktør i hard konkurranse, seier informasjonsansvarleg i Salmon Group Øyvind Kråkås. Les mer…

Osland møtte naboane

Publisert 11. april 2014

NessaneDet var fullt til siste benk då Osland Havbruk møtte lokalbefolkninga til informasjonsmøte på skulen på Nessane i Balestrand kommune. Les mer…

“Gode verksemder slite med eit generelt stempel”

Publisert 10. april 2014

Hildegunn Fure OsmundsvågMange fiskeimportørar i Spania har god betalingsevne, men dei slite med dei generelle graderingane av den nasjonale økonomien, seier Hildegunn Fure Osmundsvåg i Norges Sjømatråd. Les mer…

Statsråd besøkte Integrert Akvakultur

Publisert 9. april 2014

Vidar HelgesenSola flamma trolsk gjennom morgondisen då statsråd Vidar Helgesen starta vitjinga i Nesefjorden i Solund. Her vitja han Solund Verft AS og Sulefisk AS, der samarbeidsprosjektet Integrert Akvakultur sto i fokus. Les mer…

Salmon Group i nye kontor

Publisert 9. april 2014

Bontelabo 2Frå førre veke av har Salmon Group si Bergensavdeling vore stasjonert i nye kontor på Bontelabo. Les mer…

Salmon Blog: Melding med heim

Publisert 3. april 2014

Då ein gjekk på ungdomsskulen var melding med heim eit av dei mest trasige verkemiddela du kunne bli råka av. Du var gjerne både forbanna, bekymra og såra der du tuska heim med det brennheite brevet i sekken. Kjensla var ikkje so heilt ulik etter fiskeriministeren sin tale under FHL-møtet i Trondheim. Les mer…

Salmon Group-løftar tredje best

Publisert 1. april 2014

Vemund Holstad1Med 70 kg i rykk og 91 kg i støt vart Vemund Holstad tredje best i klasse 69 kg under NM for ungdom på Sandane i helga. Les mer…