Søk i arkivet

Grøne løyve; 118 av 255 søknader er avviste

Publisert 30. oktober 2013

KlubbeFiskeridirektoratet melder i dag at 118 av dei 255 søknadane til grøne konsesjonar er avviste på grunn av manglar i høve til formkrava. Les mer…

Set sushi på menyen etter kokkekurs

Publisert 25. oktober 2013

Aroma CafeDå Sjømatrådet lyste ut konkurranse på facebook med eit sushikurs som premie, melde Solveig Willis på partikollega og kafèdrivar Karianne Torvanger. Tysdag kveld innkasserte ho premien, med besøk av kokkelandslagets kaptein Jostein Medhus. Les mer…

Salmon Blog: Vekst, vekst, vekst- breeems!

Publisert 25. oktober 2013

Peder ferjebilletørDå sjefane i Marine Harvest snakka om vekst i lakseproduksjonen under framlegginga av 3. kvartal, kunne det minne litt om underhalderane i Salhusvinskvetten sin arketypiske ferjebillettør. Årevis med «kom an, kom an» har brått skifta til eit skeptisk «hold an, hold an». Les mer…

Invitasjon til pilotkurs for førere av oppdrettsbåter etter ny forskrift

Publisert 24. oktober 2013

Landøyfisk Jr.Når ny bygge- og tilsynsforskrift for mindre lastefartøyer trer i kraft i løpet av 2014, vil førerne av slike fartøyer måtte ha sertifikat for å føre fartøyene. Havbruksnæringens service- og arbeidsfartøyer vil utgjøre hovedgruppen av de fartøyer hvor førerkompetanse må oppgraderes. Nedre fartøystørrelsesgrense for sertifikatkrav er ikke fastlagt ennå. Sjøfartsdirektoratet foreslår 8 meter, mens vi i næringens høringssvar til forskriften foreslår 10.67 meter. Les mer…

God oppslutnad om Marint Vekstforum

Publisert 24. oktober 2013

JenteleirEtter eit fullsett opningsmøte i Florø i september, sende initiativtakarane ut invitasjon til medlemsskap i Marint Vekstforum. No har ein nådd første målet; ti medlemsverksemder med representativ bakgrunn.

-Vi sette oss eit mål om at ti verksemder frå fleire ledd av verdikjeda måtte melde seg inn, før vi går vidare med den formelle registreringa av forumet. No er vi klare til å lage vedtekter og formalisere nettverket, seier prosjektleiar Roy Sævik.

Det var verksemdene Hellenes AS, Hellenes Marine AS, Østerbø Maskin AS og Salmon Group AS som tok initiativet til eit nettverk som inkluderte havbruksnæring og leverandørindustri i Sogn og Fjordane. Målet var å styrke kontakten mellom verksemdene, synleggjere verdiskapinga og auke innovasjonen. Det første møtet hadde dei nye grøne konsesjonane for lakseoppdrett som tema, og vakte brei interesse hos ei svært vid gruppe av aktørar.

-For eit par år sidan kom rapporten «Kunnskapsbasert Sogn og Fjordane» som peika på at Sogn og Fjordane var eit fylke med låg innovasjonstakt og lite klyngedanning i dei viktigaste næringane. Då fann vi ut at vi måtte ta skeia i eiga hand, seier Roy Sævik.

Marint Vekstforum har som mål å ha tre-fire samlingar i løpet av året, neste møte vil truleg bli på nyåret.

-Relevans blir prioritert framfor frekvens, vi inviterer til møte når vi har eit aktuelt tema som vi finne interessant no, seier Sævik.

Dei ti første verksemdene som har meldt seg inn er:

Salmon Group

Marø Havbruk

E. Karstensen Fiskeoppdrett

Marine Harvest

Hellenes AS

Østerbø Maskin

Selstad AS

Ewos

Norpartners AS

Tryg Forsikring

Bli medlem i Marint Vekstforum?

Tekst: Øyvind Kråkås

 

 

Lyst til å jobbe i havbruksnæringa?

Publisert 23. oktober 2013

Roger Espeland og Job SchipperHavbruksnæringa er ei av våre viktigaste vekstnæringar, og etterspøre kompetanse og arbeidskraft på ei rekke fagområde. Ynskjer du ein plass på vårt lag? Les mer…

Utset forskrifta for arbeidsbåtar

Publisert 22. oktober 2013

Svein Arve ForlandSjøfartsdirektoratet melder at dei no har utsett den varsla forskrifta for bygging og tilsyn for mindre lasteskip, deriblant arbeidsbåtar i havbruksnæringa. Les mer…

Oppdrettarane i Solund vil løfte i lag

Publisert 22. oktober 2013

HardbakkeEtter initiativ frå Solund kommune og Solund Næringsutvikling heldt oppdrettarar og leverandørindustri samarbeidsmøte på Hardbakke måndag. Saman peika ein ut fleire satsingsområde for vidare arbeid. Les mer…

Salmon Blog: Nord-Noreg, no!

Publisert 18. oktober 2013

LofotenMed ei utsetjing av oljeboring i Lofoten og Vesterålen, ligge alt til rette for å satse meir på fiskeri og havbruk i regionen. Les mer…

Gratulerer, Gerhard!

Publisert 18. oktober 2013

Gerhard Meidell AlsakerVår kollega Gerhard Meidell Alsaker på Tysnes er kåra til Årets vekstskapar på Vestlandet av Ernst & Young. Les mer…

Stiller forventningar til den nye regjeringa

Publisert 17. oktober 2013

Erna SolbergSalmon Group er i utgangspunktet positive til dei endringane den nye regjeringa til Erna Solberg innfører. Les mer…

Pengar til kommunane frå nye konsesjonar

Publisert 14. oktober 2013

Ola og LisbethI framlegget til statsbudsjett vil regjeringa la pengane frå den nye konsesjonstildelinga gå rett til kommunane. Les mer…

Rullerande gjennomsnitt eller MTB som i dag?

Publisert 14. oktober 2013

Lisbeth og AlexRegjeringa har lagt ut på høyring alternativ for endring av det rådande produksjonsreguleringsregimet, MTB. Les mer…

Produktivitetskonferansen 2013

Publisert 14. oktober 2013

Kristiansund5. og 6. november arrangerar Kontali den 14. produktivitetskonferansen i Kristiansund. Dagleg leiar i Salmon Group, Nils Inge Hitland, er mellom føredragshaldarane. Les mer…

Salmon Blog: Lønsemd og variert eigarstruktur

Publisert 10. oktober 2013

Ideen om horisontal og vertikal integrasjon av ei verdikjede, tek utgangspunkt i at konkurranse ikkje har noko å seie for kostnadane eller innovasjonen i ein produksjon. Les mer…

SPRELSK 90-ÅRING – og ditto gjester

Publisert 9. oktober 2013

_MG_6207Høye hopp, treffsikre bueskyttere, brede smil og godlukt fra laksegrillen da Sekkingstad as inviterte til Åpen dag på lørdag 28.september. Les mer…

Bli medlem i Marint Vekstforum?

Publisert 9. oktober 2013

Grøne konsesjonarEtter eit svært vellukka introduksjonsmøte, har Marint Vekstforum no opna for å registrere medlemmar. Forumet tek sikte på å styrke samspelet mellom marin sektor og leverandørindustrien. Dette for å finne nye løysingar og styrke verdiskapinga. Havbruk og fiskeri har i dag store ringverknader som samfunnet ikkje er observant på. Dette treng å bli gjort meir synleg. Les mer…

Salmon Group besøkte Høgre i Oslo

Publisert 9. oktober 2013

StortingetTysdag 8. oktober var styreformann Erik Osland og informasjonsansvarleg Øyvind Kråkås i Oslo for å snakke med Høgre sin fiskeripolitiske talsmann frå forrige Stortingsperiode, Frank Bakke-Jensen. Les mer…

Salmon Group inngår avtale med Ahlsell

Publisert 4. oktober 2013

ahlsell.avtaleSalmon Group har no underteikna ei avtale med grossisten Ahlsell, som leverar røyr, røyrdelar, elektroutstyr og arbeidsklede. Les mer…

Salmon Blog: Det viktigaste først

Publisert 4. oktober 2013

Ei stor og omfattande næring som laksenæringa blir heile tida konfrontert med problemstillingar og ulike tiltak som burde vore sette inn. Vi må, på same måte som Erna Solberg, erkjenne at ikkje alt vil vere mogleg å få til på kort sikt. I næringslivet som i politikken krevst der prioriteringar. Les mer…

Heile pallen til Salmon Group

Publisert 3. oktober 2013

Sandnes FiskeoppdrettAlle dei tre mest lønsame oppdrettsselskapa blant dei med 50-150 millionar i omsetnad, høyrer til i Salmon Group. Les mer…

Sjå bilete frå Sekkingstad si jubileumshelg

Publisert 2. oktober 2013

Les mer…

Mattilsynet går tilbake på anklage mot Isqueen AS

Publisert 2. oktober 2013

176Mattilsynet har no lukka sine avvik i prosessen der verksemda Isqueen AS i Lofoten blei truga med dagmulkt på 100.000 kroner for ikkje å ha evaluert luseteljingar tilstrekkeleg. Les mer…