Søk i arkivet

Sulefisk har tilsett ny dagleg leiar

Publisert 29. august 2013

Michael NiesarStyret i Sulefisk AS saman med Sol Smolt AS har tilsett ny dagleg leiar etter Jostein Kråkås sin bortgang. Michael Niesar har takka ja til stillinga og tek til 1.desember 2013. Les mer…

Seaborn klar med Global G.A.P sertifisering

Publisert 27. august 2013

Maria BarrosoEksportselskapet Seaborn i Bergen, der fleire av Salmon Group sine aksjonærar er eigarar, har no fått Global G.A.P sertifikatet på plass. Dette styrkar posisjonen til selskapet, særleg i den europeiske marknaden. Les mer…

Kveite frå Slantevika opna Fretheim Kulturpark

Publisert 27. august 2013

Visit SognefjordUnder lanseringa av reiselivssatsinga Visit Sognefjord og opninga av Fretheim Kulturpark i Flåm 19. august, serverte Jan Arne Brekke si eigenproduserte kveite frå Høyanger sørside. Les mer…

Bellona med rapport om integrert akvakultur

Publisert 26. august 2013

Integrert AkvakulturMange har fått med seg at Bellona no lanserar eit prosjekt for integrert havbruk saman med Lerøy Seafood Group. Salmon Group har drive med innovasjonsarbeid på dette feltet i over tre år, og er ein av bidragsytarane til ein rapport miljøorganisasjonen no har lagt fram. Les mer…

-Utan verdiskaping er der ingenting å fordele

Publisert 26. august 2013

Ola Braanaas-Verdiskaping er viktigare enn fordeling, utan den er der ingenting å dele på, sa oppdrettsgrunder Ola Braanaas under NHO sin konferanse Småtinget sist veke. Les mer…

Blom Fiskeoppdrett har full Global G.A.P sertifisering

Publisert 23. august 2013

Øyvind BlomBlom Fiskeoppdrett AS har no implementert Global G.A.P sertifisering gjennom heile verdikjeda.

Verksemda med base i Øygarden har no fullført sertifiseringa frå setjefiskanlegget Strømsnes Akva via matfiskproduksjonen sin til slakteriet Sotra Seafood og eksportselskapet Coast Seafood. Dermed kan sistnemnde omsetje fisk frå Blom Fiskeoppdrett til kundar som vektlegge denne sertifiseringa. Sertifiseringsprosessen er gjennomført av Det Norske Veritas.

Øyvind Blom (biletet) er dagleg leiar i Blom Fiskeoppdrett AS.

Les meir om Blom Fiskeoppdrett her

Tekst: Øyvind Kråkås

Opnar Marint Vekstforum med grøne konsesjonar

Publisert 20. august 2013

florøEtter ei tid med planlegging er endeleg samarbeidsforumet Marint Vekstforum klart til å sjøsetjast i Florø 12. september. Startmøtet vil handle om dei grøne konsesjonane. Les mer…

Lokal pris til Steinvik Fiskefarm

Publisert 19. august 2013

Alex VasssbottenSaman med Storebru grendalag mottok Steinvik Fiskefarm fredag 16. august Eikefjordprisen 2013. Les mer…

Møte med politikarar i Florø 30. august

Publisert 19. august 2013

EWOS FlorøNHO og FHL inviterar medlemsbedrifter til debattmøte om havbruk på EWOS sin fabrikk i Florø 30. august kl. 11.00-14.00.

 

I invitasjonen heiter det:

Havbruk og fiskeri utgjer nokre av dei viktigaste bransjane i Sogn og Fjordane i dag. Men potensialet er langt større. Dei marine næringane kan fleirdoble produksjonen og verdiskapinga i framtida dersom tilhøva blir lagt til rette for det. Dette blir utgangspunktet for debatten på EWOS. Her får folk frå NHOs/FHLs medlemsbedrifter høve til å høyre kva dei som toppar vallistene i Sogn og Fjordane meiner om næringane, om potensialet og om utfordringane. Det blir opna for spørsmål frå dei frammøtte.

Fleire hundre årsverk er i dag knytt til havbruk og fiskeri i vårt fylke, og det blir skapt store verdiar og enorme mengder mat til verda. Selskapa bidreg stort til den offentlege velferda vi har i Noreg. Døme på dette vil bli synleggjort under detten gjennom presentasjonar av ulike samfunnsrekneskap. Regionsjef i Vestnorsk Havbrukslag, Hans Inge Algrøy og regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang, seier at dette vil bli ein viktig møteplass både for næringa og politikarane, der partane kan debattere og dele tankar og idear om vidare vekst og utvikling av ei næring som skal skape inntekter til velferdsstaten lenge etter at oljeinntektene har tatt slutt.

 

Paneldeltakarar: Trude Brosvik, KrF, Frank Willy Djuvik, FrP, Sveinung Rotevatn, V,

Vibeke Johnsen, SV, Ingrid Heggø, Ap, Geir Oldeide, Raudt, Bjørn Hollevik, H, Liv Signe Navarsete, Sp.

Har de spørsmål/innspel som de ønskjer at debattleiar skal køyre fram for politikarane i møtet,

kan de sende dei så snart som råd er til Jan Atle Stang: jas@nho.no

Møtelokale: Foajeen på Trolleskjæret, Florø. Klikk her for vegbeskrivelse

Salmon Blog: Dårleg sikt i det politiske kystlandskapet

Publisert 19. august 2013

Eit par veker føre stortingsvalet er det vanskeleg å skaffe seg ei tydeleg oppfatting av korleis den neste perioden vil kunne slå ut for havbruksnæringa med dei ulike alternative regjeringssamarbeida. Les mer…

Frå smolt til slakteri på 12 mnd

Publisert 9. august 2013

LaksKortast mogleg produksjonstid er eit ynskje for alle som driv matfiskoppdrett. Ein av Salmon Group sine produsentar kan no syne til ein skikkeleg suksessgenerasjon. Les mer…

Konsert i Solund blir avlyst

Publisert 9. august 2013

Båt, SulefiskSulefisk AS saman med samarbeidspartnarane Norwell AS og Salmon Group AS, har valgt å avlyse årets konsert på Eide den 23. august, i forbindelse med Næringsdagane. Les mer…

Ser effekten av betre smoltkvalitet

Publisert 8. august 2013

FjordsmoltFisk sjøsett i 2012 syner no å ha ei generelt svært god overlevingsgrad i sjø. -Fokus på lågare tettleik og god vasskvalitet, samt høgare grad av destruksjon er openbert moglege forklaringar på betra overleving i sjø, seier veterinær i Mattilsynet Hogne Bleie, som og leiar prosjektet “Tap av laksefisk i sjø”, til kyst.no. Les mer…

Polen største kunde

Publisert 8. august 2013

PolenStatistikken for veke 31 viser at Polen var største importør av norsk laks med 1.652 tonn. Les mer…

Alt du lurer på om Aqua Nor

Publisert 8. august 2013

AquaNorÅrets fremste møteplass i havbruksnæringa, Aqua Nor, er berre nokre dagar unna. Veit du alt du treng å vite om messa? Les mer…

Halvering av PD tilfelle på Vestlandet

Publisert 6. august 2013

HardangefjordenVeterinærinstituttet melder at der er meldt inn 53 tilfelle av PD så langt i år, der 37 av desse var innforbi den gamle PD grensa på Vestlandet. Les mer…

Val 2013: Ein svært viktig periode står for tur

Publisert 6. august 2013

StortingetDei neste fire åra vil bli avgjerande for lakseoppdrett sin status som kystnæring. For dei lokaleigde selskapa er det livsviktig å ikkje tape ytterlegare terreng til dei store aktørane. Her er ein gjennomgang av nokre av dei viktigaste sakene for norsk laksenæring. Les mer…

Få ein frisk start på AquaNor med debatt om arealavgift

Publisert 5. august 2013

AquaNorTysdag 13. august opnar årets viktigaste møteplass i norsk havbruksnæring; AquaNor i Trondheim. Salmon Group fyrer i gang med debatt om arealavgift. Les mer…

Under 1 % av laksen er behandla med antibiotika

Publisert 5. august 2013

AntibiotikaEin fersk rapport frå Veterinærinstituttet, Folkehelseinstituttet og Universitetssykehuset Nord-Norge syner at mengda av antibiotika nytta i norsk fiskeopppdrett er redusert med 99 %% sidan toppåret 1987. Les mer…