Søk i arkivet

Åtvarar mot høg champagnefaktor

Publisert 31. mars 2013

ChampagneMed rapportar om lakseprisar i påskeveka på rundt 40 kroner kiloet, kan tankane fort la seg føre til søte dagar. Men den britiske laksebloggen reLAKsation åtvarar mot at rusen er kortsiktig. Les mer…

Kald sjø svekkar produksjonen

Publisert 27. mars 2013

Per Vidar OttesenDei lågaste sjøtemperaturane på mange år, fører til dårleg tilvekst for fisken over heile landet. Per Vidar Ottesen i eksportselskapet Norwell i Florø, spår ein nedgang på 150.000 tonn i høve til eit normalår. Les mer…

Salmon Blog: Kva skal skatten heite?

Publisert 25. mars 2013

Pengane flygDiskusjonen gjekk nok ein gong høgt om arealavgift på FHL sitt årsmøte. Men samstundes som denne saka har versert, har regjeringa passa på å tilføre næringa ei rekke nye avgifter. Kvar stein til børa er ei svekking av norsk oppdrettsnæring si konkurransekraft. Les mer…

Holmenkollen, for fjerde gong!

Publisert 25. mars 2013

Nils Inge, Renate og ArildFor fjerde sesong på rad tek Salmon Group mål av seg til å stille lag i Holmenkollstafetten. Les mer…

Salmon Blog: Hardangerfjordforskrifta i ein større samanheng

Publisert 25. mars 2013

Regjeringa nyttar stadig slagordet om at Noreg skal bli ”verdas fremste sjømatnasjon”. Ambisjonane på vegne av norsk fiskeri og havbruk er høge. Men i oppdrettsnæringa har vi ikkje følt at der har blitt sett vilje bak dei uttalte måla. Snarare vert vi møtt med stadig nye innskrenkingar, nye og kostbare pålegg og overlappande forskrifter og tiltak. Les mer…

Jackpot med nye avgifter

Publisert 25. mars 2013

Lisbeth Berg-HansenProsessen med endringar i akvakulturlova, enda med fullt tilslag for å innføre nye avgifter. Les mer…

Høyringsuttale, Forskrift om nytt forvaltningsregime i Hardangerfjorden

Publisert 22. mars 2013

Her kan du lese Salmon Group sin høyringsuttale til forslaget om forskrift for nytt forvaltningsregime i Hardangerfjorden. Les mer…

Premiere på Salmon Group sin film

Publisert 22. mars 2013

Alex og Inge Helge VassbottenUnder festmiddagen på FHL samlinga i Ålesund, fekk publikum æra av å sjå Salmon Group sin nye reklamefilm. Les mer…

Sjømatmeldinga; skuffande vag

Publisert 22. mars 2013

Jens StoltenbergStorsalen på Rica Parken Hotell i Ålesund var fylt til siste krakk då statsminister Jens Stoltenberg og fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen i går skulle legge fram sjømatmeldinga. Dei som var komne eins ærend, vart nok litt skuffa.. Les mer…

Siste frist for Hardanger

Publisert 22. mars 2013

Hardanger AkvasenterI dag går høyringsfristen ut for forslaget til regional forskrift i Hardanger. Dersom biomassetaket på 50.000 tonn vert innført, ser det stygt ut for fleire av dei lokaleigde oppdrettsverksemdene. Les mer…

Sjømatmeldinga er ferdig

Publisert 20. mars 2013

Lisbeth Berg-HansenFiskeri- og kystminister Lisbeth Berg Hansen sitt innlegg under dag 1 av årskonferansen til FHL, vart kortare enn planlagt. I morgon skal ho derimot, saman med statsministeren, fortelje om den nye sjømatmeldinga. Les mer…

Elin er valt inn i styret i FHL

Publisert 20. mars 2013

Elin og GroUnder generalforsamlinga i bransjeorganisasjonen FHL onsdag, vart Elin Tveit Sveen valt som nytt styremedlem og leiar av Bransjegruppe havbruk. Les mer…

Salmon Group støttar Amnesty

Publisert 19. mars 2013

AI_logo neg_m_gultfeltSalmon Group er total supporter for Amnesty International sin samarbeidskampanje med norsk sjømatnæring. Les mer…

Stoltenberg til FHL årsmøtet

Publisert 19. mars 2013

Jens Stoltenberg og Solveig WillisStatsminister Jens Stoltenberg har meldt si deltaking under FHL sitt årsmøte i Ålesund onsdag og torsdag. Les mer…

Laksegåve skapte engasjement

Publisert 18. mars 2013

Nils P. Støyva, Svanøylaksen og Rigmor AasrudDet vakte engasjement hos mange at fylkesleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarpati, Nils P. Støyva, delte ut Svanøylaks i gåve til statsråd Rigmor Aasrud under fylkesårsmøtet i helga. På same møtet hadde Støyva rast over at saka om fjorddeponiet i Førdefjorden no er utsett. Les mer…

Ny nettavis om oppdrett

Publisert 18. mars 2013

Aslak BergeEi ny nettavis med lakseoppdrett som hovudtema er koma på skjermen. Les mer…

Framtidsfylket og Salmon Group vil vekkje ÅTGAUM i Oslo

Publisert 15. mars 2013

Ole JonnyEin heilt ordinær søndag i mai vil «Osloborgarane» få oppleve eit feststemt Sogn og Fjordane, midt i hjartet av Oslo! Youngstorget vert ein myldrande arena for jubileumsfeiring og for å etterlate eit gnistrande visittkort frå laksefylket i vest. Les mer…

Utfordra forvaltninga som kompetansebyggar

Publisert 15. mars 2013

Liv Monica Stubholt-På sitt beste skaper forvaltninga kompetanse, sa Liv Monica Stubholt under Fiskeridirektoratet sitt fagseminar onsdag. Les mer…

Fiskeriministeren skal opne røykeriet på Svanøy

Publisert 15. mars 2013

Svanøy RøykeriFiskeri- og Kystminister Lisbeth Berg Hansen vil stå for opning av nytt røykeri på Svanøy 6. mai 2013. Les mer…

Fiskeridirektøren ser ingen stordriftsfordelar for dei store

Publisert 14. mars 2013

Liv HolmefjordFrå 1990 til i dag, har andelen av den totale lakseproduksjonen for dei ti største oppdrettsselskapa gått frå 1/3 til 2/3. Men ei samanlikning mellom deira driftsmargin og resten av aktørane sin driftamargin, syner ingen forskjell. Les mer…

Utset saka om fjorddeponi

Publisert 14. mars 2013

220px-Førdefjorden[1]Miljøverndepartementet har beslutta at saka om fjorddeponi ved Vevring i Førdefjorden skal utsetjast inntil ein har meir kunnskap tilgjengeleg. Les mer…

Les artiklar frå Telavåg og Blom

Publisert 12. mars 2013

F2I høve NASF konferansen i forrige veke, ga Intrafish Media ut magasinet F2. Der kan du lese om Telavåg Fiskeoppdrett, og Jan Ivar Bildøy hos Blom Fiskeoppdrett. Om du ikkje har bladet, les det digitalt her Les mer…

FHL får kvinnehjelp frå Salmon Group

Publisert 11. mars 2013

Elin og GroElin Tveit Sveen er nominert som ny leiar for Bransjegruppe havbruk framfor FHL si generalforsamling i neste veke. Det betyr og plass i hovudstyret i organisasjonen. Les mer…

Lingalaks årets verksemd i Kvam

Publisert 11. mars 2013

Næringsdepartementet på vitjing hos LingalaksI ei kåring i regi av Kvam Næringsråd, vart Lingalaks sist veke kåra til årets verksemd i Hardangerkommunen. Les mer…

NFKK går hardt ut mot Hardangerfjordforskrifta

Publisert 8. mars 2013

HardangefjordenNettverket For Kyst Kommunar går i felleskap ut mot Hardangerfjordforskrifta. Etter årsmøtet sitt denne veka har dei sendt brev til storting og regjering der dei tydeleggjere at konsekvensane av ei slik forskrift blir for store. Les mer…

Svein Åge Holstad vart årets setjefisksjef!

Publisert 8. mars 2013

Svein åge HolstadNASF konferansen vart i går kveld avlsutta med Aquaculture Awards i regi av Intrafish Media. Det vart delt ut ti prisar i ulike kategoriar til driftsleiarar i norsk oppdrettsnæring. Prisen for beste oppdrettar i ferskvatn gjekk til vår eigen Svein Åge Holstad. Les mer…

Der ingen skulle tru at industri kunne oppstå

Publisert 7. mars 2013

Integrert Akvakultur24. mars 2010 sat Jostein Kråkås frå Sulefisk, dåverande Salmon Group leiar Leif Rune Pedersen og underteikna i eit møte på Solund Gjestehus saman med ein hollandsk forskar. Mannen ynskte seg samarbeidspartnarar til å utvikle taredyrking med tilførsle av næringssalt frå oppdrett. Vi skjønte nok ikkje fullt ut kva dette kunne bli. Men vi skjønte at dette var eit spor som kunne føre oss til noko stort og spanande, viss vi berre våga å fylgje det. Les mer…

Integrert akvakultur fekk NASF Innovation Award

Publisert 7. mars 2013

Roger Espeland og Job SchipperJob Schipper og Hortimare mottok denne veka innovasjonsprisen under North Atlantic Seafood Forum. Les mer…

Grøne konsesjonar: -Låge lusegrenser ekskluderar mange moglegheiter

Publisert 5. mars 2013

Solveig– Dei lusegrensene som er sette i krava til grøne konsesjonar, utelukkar i praksis all anna teknologi enn lukka produksjon, seier Solveig Willis, som til dagleg jobbar for Salmon Group og er leiar for samarbeidet Lusalaus. Les mer…

Salmon Blog: Køyr debatt!

Publisert 5. mars 2013

Salmon Group har lenge etterlyst ein meir prinsipiell debatt om arealavgift, basert på konkrete politiske forslag. No ser det ut til at den vil kome. Les mer…