Høyringsuttale til endring av eigarskapsreglane

Publisert 30. januar 2013

Akvakulturloven31. januar er høyringsfristen for dei føreslegne endringane i akvakulturlova. Dette er andre gong på kort tid at regjeringa føreslår endringar i dette lovverket, og denne gongen handlar det om å fråfalle grensa for maksimalt eigarskap i lakseproduksjonen. Les mer…

Vil du bli medlem i Norsk Algeforening?

Publisert 30. januar 2013

Alger 2012Er du interessert i algedyrking, mikro- eller makroalgar? Ynskjer du eller ditt selskap å vere med å skape ny næring gjennom desse fornybare ressursane? Då kan Norsk Algeforening vere eit fora for deg. Les mer…

Salmon Blog: Når makta ikkje ynskjer debatt

Publisert 29. januar 2013

Janne SollieDå Direktør for naturforvaltning, Janne Sollie, heldt innlegg på AqKva konferansen på Stord sist veke, var ho oppteken av å distansere si rolle frå det politiske. Det ville ho mellom anna gjere ved å heve seg over einkvar diskusjon. Les mer…

Etterlyser industriell politikk

Publisert 28. januar 2013

Arbeiderpartiet logo– Kvar er det blitt av industripartiet Det norske arbeiderparti? Det spørsmålet stilte Jostein Refsnes frå Nordlaks under eit føredrag på Sjømatdagane på Hell i førre veke. Les mer…

“Tare kan bli like stort som lakseoppdrett”

Publisert 28. januar 2013

Integrert Akvakultur– Vi har tru på at tareoppdrett kan bli ei stor og viktig næring, seier Aleksander Handå, forskingsleiar ved SINTEF Fiskeri og havbruk. Ei lang og beskytta kystline, saman med eksisterande lakseproduksjon er med og favoriserar Noreg som tareprodusent. Les mer…

Elin Tveit Sveen fekk AqKva prisen

Publisert 25. januar 2013

Elin og GroUnder AqKva konferansen på Stord torsdag, fekk Elin Tveit Sveen frå Marø Havbruk AqKva prisen for den formidable innsatsen ho har gjort for norsk havbruksnæring. Les mer…

Nytt steg på vegen mot taremarknaden

Publisert 23. januar 2013

Fire grader i sjøen, åtte kuldegrader i lufta og arbeid i havflata. Integrert Akvakultur set no ut nye forsøksliner med tare for å knyte til oss ny kunnskap framfor eit storskala utsett.

PrøveutsettIntegrert Akvakultur er eit norsk-hollandsk samarbeidsprosjektet for å utvikle kommersiell taredyrking i tilknyting til lakseoppdrett. Sulefisk og Salmon Group jobbar saman med hollandske Job Schipper og selskapet hans Hortimare for å finne metodar å utnytte næringssalt frå lakseproduksjonen. Les mer…

Laksenæringa på plass når Sogn og Fjordane feirar 250

Publisert 21. januar 2013

Sogn og FjordaneI år er Sogn og Fjordane fylke, tidlegare kalla Nordre Bergenhus Amt, 250 år. Som ein del av jubileumsåret, vil der finne stad ei stortsilt markering på Youngstorget i Oslo 5. og 6. mai. Les mer…

Knallstart for Engesund Visningssenter

Publisert 21. januar 2013

Engesund VisningssenterNydeleg kaldt vintervær og stort oppmøte var ramma for opninga av Engesund Visningssenter i Fitjar sist fredag. Les mer…

68 % av fisken som rømde skuldast utstyret

Publisert 21. januar 2013

Bilde009Feil ved utstyr eller monteringa av installasjonar, var drivande for rømmingstala mellom 2006 og 2009. Det syner eit arbeid som er gjort av Forskningsrådet og kunnskapsplattforma SECURE. Dette lovar godt for resultata av den nye Nytek forskrifta. Les mer…

Dei nye maksgrensene øydelegg effekten av leppefisk

Publisert 16. januar 2013

Svein Arve ForlandDen nye vedtekne maksgrensa på 0,5 vaksne lus i snitt, tek vekk effekten av leppefisk som verkemiddel. Det auka presset på kjemisk behandling er ikkje berre øydeleggande for dei biologiske alternativa, men står og i fare for å tvinge fram ein uhandterlig resistenssituasjon. Salmon Group meinar at Mattilsynet må slå kontra. Les mer…

Engesund Fiskeoppdrett opnar nytt visningssenter fredag

Publisert 16. januar 2013

Engesund AkvasenterFredag 18. januar opnar Engesund Fiskeoppdrett AS visningssenter heime i Fitjar. Les selskapet si eiga skildring av nysatsinga. Les mer…

Spørsmål og svar om integrert akvakultur

Publisert 16. januar 2013

Integrert AkvakulturEi tverrfagleg gruppe ved NTNU jobbar for tida med eit prosjekt rundt IMTA, Integrert multitrofisk akvakultur. Salmon Group driv som kjent eit prosjekt på dette feltet, og vi har difor svart studentane på ein del spørsmål om emnet. Vi tykkjer at deira spørsmål er so gode at vi legg spørsmåla og våre svar ut på nettsidene våre. Les og lær. Les mer…

Saknar den prinsipielle diskusjonen rundt arealavgift

Publisert 15. januar 2013

Pengane flygSå langt ser det ut til at mange politikarar berre har stilt seg to spørsmål rundt arealavgifta: ”Har kommunane bruk for meir pengar?” og ”Vil ein kunne tvinge fram ei slik avgift?”. Salmon Group saknar ein prinsipiell diskusjon om arealavgifta, der alminnelege skatterettslege omsyn ligg til grunn. Les mer…

Salmon Blog: Då mannen ville flytte frå nissen

Publisert 11. januar 2013

Ved å snakke om å unngå å flytte smolt inn i andre regionar, og samstundes ynskje å evakuere matfiskproduksjon frå ein region til ein annan, unngår ein den verkeleg nyttige debatten. Den om fisken som levande individ, og prinsippa for godt dyrehald. Les mer…

Stiller spørsmål ved spørjekompetansen

Publisert 11. januar 2013

Pål Mugaas JensenRedaktør i Norsk Fiskeoppdrett, Pål Mugaas Jensen, er ein av dei som stiller spørsmål ved spørjekompetansen til enkelte av våre folkevalde. Bakrunnen er KrF-politikar Dagrun Eriksen si oppsummering av lusesituasjonen i 2012. Les mer…

Store luseproblem på Færøyane

Publisert 10. januar 2013

Færøyane-Problemet med lus er større enn det vi likar å snakke om, seier direktør Atli Gregersen i den færøyiske lakseverksemda Hiddenfjord. Les mer…

Blom Fiskeoppdrett AS forsterkar styret

Publisert 10. januar 2013

Magne SupphellenBlom familien i Øygarden har utvida styret og fått med seg Magne Supphellen som nytt styremedlem. Les mer…

Regiondirektør Ulriksen tilbakeviser kritikk frå Øystein Skaala

Publisert 10. januar 2013

Vidar UlriksenForskar Øystein Skaala ved Havforskingsinstituttet har kritisert Fiskeridirektoratet for å somle ved rapporterte mistankar om rømming. I eit oppslag i Haugesunds Avis slår regiondirektør Vidar Ulriksen tilbake mot påstandane. Han meinar analysearbeidet til HI er so seindrektig at det øydelegg sakshandsaminga. Les mer…

Salmon Blog: Meir av alt som er bra

Publisert 9. januar 2013

Dei grøne konsesjonane skal gje oss utteljing på alle ting som kan vere positive. Ein kan lett sitje att med same kjensla som av dei amerikanske reklamane på TV-shop. Det vert rett og slett for mykje på ein gong til at det får truverde. Les mer…

For lett å skulde på lokaliteten når ting går gale

Publisert 8. januar 2013

LoggbokProblemstillinga med ”miljøtilpassa” flytting mellom regionar, botnar i at nokre skuldar på lokalitetar og geografiske tilhøve kvar gong der oppstår problem i produksjonen. Dette blir for lettvint. Les mer…

Knapt fjerdeparten av dødelegheita skuldast sjukdom

Publisert 7. januar 2013

mattilsynet_logoEit prosjekt gjennomført av Mattilsynet sine regionkontor i Trøndelag og i Møre og Romsdal, syner at knapt fjerdeparten av fisken som døyr i sjøfasen, døyr som fylgje av sjukdom. Les mer…

Salmon Blog: Utsetjingsminister tek attval

Publisert 4. januar 2013

Knapt nokon norsk statsråd har fått ein so vanskeleg start som Lisbeth Berg-Hansen, og likevel klart å kome vidare. Ho blei redda av at ho ikkje hadde gjort noko gale. Til slutt kan manglande handling bli det som feller ho. Les mer…

Snakkar ein om smolt for å sleppe å snakke om slaktefisk?

Publisert 4. januar 2013

Nils Inge HitlandSalmon Group meinar at fokuset på PD smitte gjennom tilførsel av smolt frå andre regionar altfor lenge har overskugga smitterisikoen ved transport av slaktefisk. Les mer…

“Lokalpolitikarar hindrar arealtilgang”

Publisert 4. januar 2013

Bård Sekkingstad, Lisbeth Berg Hansen, Konrad SekkingstadI eit intervju med avisa Firda, uttalar fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen at den største utfordringa for havbruksnæringa i dag, er at lokalpolitikarar hindrar tilgangen på nytt areal. Les mer…

1,1 millionar takk

Publisert 3. januar 2013

Pengane flygSalmon Group ynskjer å takke røktarar, fôrprodusentar, mannskap på båtar, veterinærar, eksportørar,slakteritilsette, trailersjåførar, administrasjonsfolk, investorar og alle andre som bidrog til at Noreg i 2012 eksporterte 1,1 million tonn laks og aure. Dette er ny rekord. Les mer…

– Den næringen med minst forutsigbare rammevilkår

Publisert 2. januar 2013

Frank AscheI ein artikkel i Norsk Fiskeoppdrett nr. 12 2012, hevdar Frank Asche, professor ved Universitetet i Stavanger, at inga norsk næring i dag har meir uføreseielege rammevilkår enn oppdrettsnæringa. Les mer…

Sjå Lingalaks på sveitsisk TV

Publisert 2. januar 2013

Lars Heine Kåsa, LingalaksFor oss nordmenn er sveitsisk fjernsyn truleg mest kjende for serien om seterjenta Heidi. Men tidlegare i vinter hadde Lingalaks AS besøk i Hardanger av eit fjernsynsteam frå klokkelandet. Les mer…

Steinvik Fiskefarm AS går inn i Salmon Group

Publisert 2. januar 2013

Alex og Inge Helge VassbottenSalmon Group er stolte av å kunne melde at Steinvik Fiskefarm AS no har valt å slutte seg til nettverket. Med dette styrkar Salmon Group en allereie solid posisjon i oppdrettsnæringa, nasjonalt, i Sogn og Fjordane og på vestlandet. Les mer…