Høyringssvar til endringar i akvakulturlova

Publisert 30. november 2012

Måndag er det høyringsfrist for endringane som er føreslegne til akvakulturlova. Salmon Group stør opp under uttalar frå FHL og NSL, men har og valt å kommentere ein del av forslaga i eit eige svar til FKD. Du kan lese svaret i sin heilskap her. Les mer…

Salmon Blog: Når uhellet er ute

Publisert 29. november 2012

I framlegget til endringar i akvakulturlova som no er ute på høyring, er eit av dei mest oppsiktsvekkande punkta at regjeringa ynskjer ei avgift som skal dekke kostnadane storsamfunnet har med rømt laks. I så måte vil det vere interessant å vite på kva måte desse midlane skal brukast. Les mer…

Framheva CO2BIO og Integrert Akvakultur

Publisert 27. november 2012

Fylkespolitikarane var opptekne av råvaresituasjonen for fiskefôr framover, og Salmon Group nytta høvet til å framheve våre to flaggprosjekt; CO2BIO på Mongstad og Integrert Akvakultur i Solund. Les mer…

Snakka til Fylkestinget

Publisert 27. november 2012

Salmon Group var i går på plass på Hermansverk for å snakke til Fylkestinget i Sogn og Fjordane. Vi ber politikarane satse på vekst for næringa i fylket. Les mer…

Svanøylaks i finalen til “Det norske måltid”

Publisert 23. november 2012

TV2 programmet med Arne Hjeltnes og Heine Totland som programleiarar, er inne i sin andre sesong. Sundag kan du sjå dei to på Svanøy.

 

Konkurransen er inndelt i fem regionar, og den einerrøykte laksen frå Svanøy Røykeri er finalistar frå region vest, saman med svinenakke frå Prima Jæren, Kvit Undredal frå Undredal støylsysteri og Hardanger eplelikør frå Hardanger saft- og siderfabrikk. Finalen er 6. januar.

Besøk Svanøy Røykeri sine heimesider og nettbutikk

Tekst: Øyvind Kråkås

Klare for julemøte i nord

Publisert 22. november 2012

Fredag er Salmon Group rigga for julemøte og julebord i Svolvær. Med oss til Lofoten, tek vi trua på at næringa har potensiale for ei god utvikling i landsdelen. Les mer…

Lingalaks AS overtek aksjemajoriteten i Ljones Fisk AS

Publisert 22. november 2012

Lingalaks AS har ved ein retta emisjon overteke aksjemajoriteten i setjefiskprodusenten Ljones fisk AS. Dette er ledd i selskapet sin langsiktige strategi for å utvikla seg i Hardanger regionen. Les mer…

230 millionar i ringverknader frå tre fôrfabrikkar

Publisert 20. november 2012

EWOS har fått rekna ut at dei tre fabrikkane i Florø, Meløy og Balsfjord gjev om lag 230 millionar kroner i ringverknader til dei aktuelle lokalsamfunna. Les mer…

Salmon Blog: Næringsutvikling med ryggen mot verda

Publisert 20. november 2012

I pressemeldinga frå FKD om ”grøne konsesjonar” ser ein tydeleg at her har ein teke inn mange omsyn på ein gong. Utvalde distrikt skal satsast på, i tillegg skal ein vere inne med miljøverndepartementet og ein skal drive med teknologiutvikling. Det er freistande å kalle det litt typisk at omsynet til fiskekjøparane ikkje er tenkt på i det heile teke. Les mer…

Produs Aqua med ny heimeside

Publisert 19. november 2012

Produs Aqua AS, som leverar den biologiske fôrtilsetnaden Aquate SG til Salmon Group, har lansert sine nye heimesider. Les mer…

Lakseeksporten auka med 21 % i oktober

Publisert 19. november 2012

Det vart eksportert laks for 2,7 milliardar kroner frå Noreg i oktober, det er ei auke på 460 millionar kroner i høve til same månad i fjor. Les mer…

Salmon Group samarbeidar med Redningsselskapet

Publisert 15. november 2012

Då oppdrett av laks og aure først vart lansert som ny næring på kysten, var tryggare arbeidsplassar ein av fordelane som vart haldne fram. Salmon Group vidarefører dette ansvaret gjennom eit samarbeid med kysten sitt eige bergingskorps; Redningsselskapet. Les mer…

Godt oppmøte på Fusamesso

Publisert 14. november 2012

Fusamesso på Fusa Vidaregåande Skule går av stabelen i dag, og SG sin utsende melder om godt oppmøte og mykje bra respons. Les mer…

Vil teknologifokus stoppe IMTA?

Publisert 13. november 2012

Salmon Group har jobba i to og eit halvt år med prosjektet Integrert Akvakultur, der vi har målsetnad om å gjere taredyrking i tilknyting til lakseanlegg til ei kommersiell næring. Prosjektet går etter planen foreløpig, men vi fryktar at ei einsidig satsing på ny produksjonsteknologi vil fortrenge dette konseptet. Les mer…

Vel møtt til Fusamesso!

Publisert 12. november 2012

Onsdag 14. november er det duka for bedrifts- og yrkesmesse på Fusa Vidaregåande Skule. Les mer…

Magasin om marin og maritim næring

Publisert 12. november 2012

Magasinet “Et hav av mulegheiter”, utgjeve av Firdaposten og Fjordenes Tidende, rundar 10 år. Les mer…

Salmon Blog: Er dette eigentleg vekst?

Publisert 12. november 2012

Fiskeri- og kystdepartementet kunngjorde fredag at der skal delast ut 45 ”grøne konsesjonar” til lakseoppdrett. Det er uklart kva kriteria for tideling vil bli, og det er uklart om dette eigentleg vil bety nokon vekst dei næraste åra. Les mer…

– Vi kan lage Moods of Norway laks

Publisert 9. november 2012

Under Gasellekonferansen i Florø fredag 9. november, mottok Stryn-verksemda Moods Retail AS prisen som årets gaselle i Sogn og Fjordane. Vi vil enno utvikle mange nye produkt under Moods of Norway paraplyen, sa dagleg leiar Jan Egil Flo då han mottok prisen på vegne av selskapet. Les mer…

Positivt, men avventande

Publisert 9. november 2012

Det er svært positivt for næringa at regjeringa no løyser parkbremsa og opnar for ny vekst for kysten si viktigaste vekstnæring; havbruksnæringa. Samstundes er der ein del forhold som framleis ikkje er avklarte kring den nye tildelinga. Les mer…

45 nye “grøne konsesjonar”

Publisert 9. november 2012

FKD melde i ei pressemelding i dag tidleg at dei vil legge ut 45 nye konsesjonar i 2013, der det vert lagt vekk på miljøtenleg teknologi. Les mer…

Marint Vekstforum skal styrke samarbeidet

Publisert 8. november 2012

Saman med Hellenes AS i Førde og Hellenes Marine AS i Stongfjorden, tek Salmon Group no initiativet til Marint Vekstforum i Sogn og Fjordane. Les mer…

Tre slakteri i Sogn og Fjordane

Publisert 8. november 2012

Under eit møte mellom oppdrettarar og lokalpolitikarar i Sogn og Fjordane, kom det fram at ein sentral fylkeskommunal byråkrat skal ha sagt at det no berre er eitt lakseslakteri att i fylket.

Det rette er at der framleis er tre slakteri; Slakteriet AS har avdeling både i Florø og Brekke, medan Ola Braanaas sitt slakteri på Byrknes, Martin E. Birknes, er under utbygging.

Alle desse slakteria er utelukkande drivne med fisk frå dei lokaleigde oppdrettsverksemdene. Marine Harvest sin produksjon i Sogn og Fjordane vert ført til Sunnmøre for slakting.

Tekst: Øyvind Kråkås

Salmon Group i Mærkanten

Publisert 6. november 2012

Skretting sitt kundemagasin Mærkantan har i siste nummer ei dobbeltside om Salmon Group og Sulefisk AS. Om du ikkje har magasinet, kan du lese teksten her. Les mer…