Ny båt til Landøy Fiskeoppdrett

Publisert 31. august 2012

Mange investerar i ny løftekraft for å møte nye krav. Landøy Fiskeoppdrett har no fått levert ny katamaran frå Ocea. Les mer…

Salmon Blog: Blir havbruk eit satsingsområde?

Publisert 30. august 2012

Om eitt år er det stortingsval, og valkampen er i opptrappingsfasen. Samstundes er veksten i lakseeksporten god, og næringa dunkar i taket for dei produksjonsvoluma som dagens biomassereglar tillet. Kan havbruket bli eit av satsingsområda til dei politiske partia fram mot valet? Les mer…

Blom Fiskeoppdrett kjøper Strømsnes Akvakultur

Publisert 30. august 2012

To av aksjonærane i SG blir til ein, når Blom Fiskeoppdrett no sikrar seg Strømsnes Akvakultur Les mer…

Nøgde ferievikarar hos Osland Havbruk

Publisert 28. august 2012

Osland Havbruk nytta seg i sommar av ni ferievikarar, fordelt på matfiskanlegga og setjefiskanlegget på Sørebø. Selskapet let vikarane få rullere gjennom heile verksemda for å gje dei mest mogleg varierte oppgåver. Les mer…

Salmon Blog: Lokalsamfunn i finstasen

Publisert 27. august 2012

Folk ute i distrikta kjenner si besøkstid når der er god mat, god kultur og god stemning å hente. Det såg vi to gongar sist veke. Les mer…

Svært vellukka sjakkelkasting

Publisert 27. august 2012

Fredag gjekk det årlege VM i sjakkelkasting av stabelen i Solund. Oppmøtet var upåklageleg, og mange sette pris på konserten med Sigrid Moldestad. Les mer…

Vosso kan bli gjenopna neste år

Publisert 27. august 2012

Prøvefisket i Vossovassdraget ga 57 storlaksar på berre nokre få timar. Arbeidet med å restaurere elva som lakseelv ser dermed ut til å ha lukkast. No kan elva bli opna for fiske att frå neste sesong av. Les mer…

Salmon Blog: Kvar sviktar rekrutteringa?

Publisert 22. august 2012

Rekrutteringa til norsk havbruksnæring er ikkje brennheit, noko som vert aktualisert ved at utdanningstilbod no kan verte nedlagde. Men kva er det som sviktar? Er det kunnskapen om næringa? Eller konkurrerar vi ikkje godt nok om ungdomen sine vegval? Les mer…

Lokal kapital betyr effektiv innovasjon

Publisert 22. august 2012

Erna Solberg, Høgreleiar og truleg den fremste utfordraren til å bli landets neste statsminister, var gudmor då BioMar sitt nye flaggskip MS Høydal vart døypt. Les mer…

Laksens Dag kjøpte for 250.000 kroner i Flora

Publisert 17. august 2012

Reknskapa for årets Laksens Dag er no klare, og årets arrangement går ut i null. Arrangementet kjøper varer og tenester for godt 250 000 kroner i Flora i høve torgdagen. Les mer…

God påmelding til sjakkelkastinga

Publisert 16. august 2012

Ei god veke før det årlege VM i sjakkelkasting, har påmeldinga vore svært god. Les mer…

Forvirring om rettigheiter

Publisert 7. august 2012

Den siste veka har der pågått ein diskusjon gjennom Intrafish om såkalla heimfallsrett til oppdrettskonsesjonar. Der synest imidlertid å vere ei forvirring ute og går om kva ein konsesjon er for noko… Les mer…

Verdiskaping av oppdrett

Publisert 6. august 2012

“Lokalsamfunna får mest glede av overskota (kapitaldanninga) så lenge oppdrettsselskapa er eigde lokalt, og ikkje på børsen. Vi kjenner alle til at det har ført til oppkjøp og vidare liv for lokalbutikkar og vertshus, og at det har resultert i etablering av t d røykeri og nye attraksjonar på kysten. Pengane frå slike ”kapitalistar” er viktige anten dei blir brukte til direkte investeringar eller plasserte som innskot i lokale bankar som dermed får styrka arbeidsgrunnlaget. Dersom dei mindre oppdrettarane vel å selje seg ut, vil det få negative konsekvensar for samfunna rundt.” Les mer…

Lakselus hadde lite å seie i 2009

Publisert 3. august 2012

I den siste rapporten frå Vitenskapelig råd for lakseforvaltning vert det konkludert med liten påverknad frå lakselus og andre faktorar frå oppdrett i Vest-Noreg i 2009. Men kva sa ein i 2009 om dette spørsmålet? Les mer…

Havbrukskonferanse i Fyksesundet 13. september

Publisert 3. august 2012

Havbruk 2020 også i norske fjordar? Det er hovudspørsmålet på konferansen, som skal føregå midt i det omstridde Hardanger. Politikarar, forskarar og andre kjem for å diskutere dette temaet. Les mer…

Salmon Blog: Naturen som ressurs

Publisert 2. august 2012

Då dei to landbrukshovdingane Per Olaf Lundteigen og Harald Oskar Buttedahl vitja Osland Havbruk sitt sommarseminar, var det naturen som ressurs som sto som felles utgangspunkt. Landbruket, skogbruket, havbruket, kraftindustrien, oljeindustrien og gruveindustrien utviklar ressursar frå naturen. Men utan den menneskelege kunnskapen hadde ikkje dette vore ressursar. Les mer…

Lokale fiskeoppdrettere er viktige for fremtiden

Publisert 2. august 2012

De norske oppdrettsgigantene med Marine Harvest i spissen hevder at en strukturering med noen få og store selskaper er nødvendig for å hanskes med utfordringene bransjen i dag står ovenfor. Det er ikke det lokaleide fiskeoppdrettsselskapet Osland Havbruk i Sogn og Fjordane enig i, og nå får bedriften også støtte fra både stortings- og regjeringshold. Les mer…

Havbruk møtte landbruk i Høyanger

Publisert 2. august 2012

Det var eit spekter av primærnæringar som sto i fokus då Osland Havbruk tok i mot politikarar, presse og andre inviterte til sommarseminar 31. juli. Dei mest prominente deltakarane var statssekretær i landbruks- og matdepartementet Harald Oskar Buttedahl, og stortingspolitikar Per Olaf Lundteigen. Les mer…