Avtale mellom Salmon Group og linjeforeininga ved UiB

Publisert 27. juli 2012

Før sommaren inngjekk SG ein samarbeidsavtale med Linjeforeningen for fiskehelse og havbruksbiologi, LFFH.  Les mer…

-Meld frå om ulovleg fiske

Publisert 27. juli 2012

– I år har vi dessverre sett nye døme på at personer ikkje berre går for nær anlegga, men faktisk går inn på oppdrettsanlegga for å fiske i merdane, seier Hans Haddal, som er seniorrådgjevar ved Fiskeridirektoratet, region Vest, til avisa Firdaposten. Les mer…

Langsiktig arbeid skal styrkje kunnskapen om oppdrett

Publisert 27. juli 2012

Gjennom kampanjen “Liv på kysten” vil Salmon Group jobbe med å auke kunnskapen og engasjementet rundt lakseoppdrett. Les mer…

Den nye oljen – råvarer i framtidas oppdrett

Publisert 25. juli 2012

Avgrensa tilgang på fiskeolje er kanskje det aller største problemet havbruksnæringa blir møtt av med tanke på vidare vekst. Dette forsøkjer Salmon Group å gjere noko med. Les mer…

Sjå film om akvARENA

Publisert 25. juli 2012

På teknologimøtet på Svanøy 15. juni snakka Knut Botngård om næringsklynga akvARENA, og han synte ein film om deira arbeid. Ved å nytte peikaren her, kan du og sjå denne interessante filmen. Les mer…

Lokale oppdrettarar byr på kulturopplevingar

Publisert 24. juli 2012

Sommaren er tid for festivalar og kulturopplevingar kring om i dei minste krokar av landet. Ein del av dei kjem i stand takka vere god hjelp frå lokale oppdrettarar. Les mer…

EWOS byggjer ny fôrbåt

Publisert 24. juli 2012

I samarbeid med Artic Shipping i Førde byggjer EWOS no verdast største og mest avanserte fôrbåt. Les mer…

Eventyrleg sjølaksefiske i Sunndalsfjorden

Publisert 23. juli 2012

Trudde du laksefiske med kilenot var ein saga blott? Sjå denne biletserien frå Nord-Møre. Les mer…

Viktig diskusjon om struktur og miljøkrav

Publisert 23. juli 2012

Salmon Group er glade for at diskusjonen om strukturpåverknaden frå nye reguleringar no har teke seg opp. Allereie då Gullestad-rapporten vart lagt fram, peika vi på denne problematikken. Les mer…

Ola Braanaas fyller femti!

Publisert 20. juli 2012

Laurdag er det duka for storfest på den elles so fredelege Svinøyna i Gulen. Landets mest kjende oppdrettar fyller 50 år, og han feirar det heime hos seg sjølv, slik det høver seg ein som brenn for lokalsamfunnet sitt. Les mer…

Sigrid Moldestad kjem til Sulefisk Cup

Publisert 19. juli 2012

Sulefisk Cup, VM i sjakkelkasting, har etterkvart blitt ein tradisjon i oppdrettsnæringa. Ved sidan av det klassiske programmet, vert der i år og eit flott kulturelt innslag. Den prisløna artisten Sigrid Moldestad kjem til Solund for å opptre på arrangementet. Les mer…

Salmon Blog: Om løyve til å vekse, og retten til å drive

Publisert 16. juli 2012

Dersom domen frå ESA bli ståande, og det norske taket på 25 % eigarskap av lakseproduksjonen er ulovleg ut frå EØS avtalen, vil dette vere endå eitt tilbakesteg for politikarane sine uttalte ynskje om spreidd eigarskap. Men dersom dei verkeleg har dette som mål, er det framleis i deira makt å stimulere til det, gjennom å legge til rette med rammevilkår som gjere det attraktivt å drive framfor å selje. Les mer…

Sekkingstad satsar på fisk til dei yngste

Publisert 16. juli 2012

Gjennom eit samarbeid med konseptet “Vennebyen” håpar Sekkingstad AS å nå fram til dei yngste med sunne fiskeprodukt. Les mer…

Fryktar for demokratiet i næringa

Publisert 13. juli 2012

Dersom 25% grensa for eigarskap i norsk lakseproduksjon vert oppheva, fryktar SG at der på sikt kan oppstå aktørar som i enno større grad enn i dag er i stand til å dominere forvaltning og styresmakter. Les mer…

Villeiande om lus

Publisert 4. juli 2012

Til liks med alle meldingane om nok ein sesong med rikt laksefiske i elvane, er der ein del utspel i media om enkeltfisk med store påslag av lus. I nokre av tilfella vert dette kopla med oppdrettsverksemd, noko som er svært villeiande, og kan vere øydeleggande for det omfattande arbeidet som vert gjort mot lus på oppdrettslaks. Les mer…

Legg ny PD-strategi på kammerset

Publisert 2. juli 2012

Mattilsynet vil ikkje komplisere prosessen med å legge ny PD strategi nord for Hustadvika. Difor inviterte dei kun aktørar frå Sør-Trøndelag til møte. Les mer…