Salmon Group samarbeidar med Norsk Fiskeoppdrett

Publisert 31. januar 2012

Salmon Group jobbar med ein avtale om kollektiv prising av abonnement og annonser for heile nettverket. Som ein prøve, ynskjer Norsk Fiskeoppdrett å gje alle tilsette ved Salmon Group aksjonærane sine anlegg tre gratis utgåver heim i postkassa. Les mer…

Månadens utvalde: Kva er framtidas næring?

Publisert 31. januar 2012

Salmon Group vel ut ei sak som vi hentar opp att på toppen ved slutten av månaden. Torgeir Reve si framlegging av “Et kunnskapsbasert Norge” har vore med og skapt ny fart i diskusjonen om kva vi vil leve av i framtida. Vi tek fram att innlegget “Kva er framtidas næring”, som vart skrive etter seminaret om Marin Ressursutnytting på NTNU i Trondheim 3. januar, der Salmon Group deltok med prosjektet Integrert Akvakultur. Les mer…

Fyller opp med fiskefolk

Publisert 31. januar 2012

Salmon Group har ei tid jobba med å leige ut to kontor i lokala ein disponerer i Florø. Målet har vore at ein skal styrke fiskemiljøet i Fugleskjærsgata, der Salmon Group og eksportselskapet Norwell har helde til ei god stund, samt fylkeskommunen si avdeling for havbruk. Frå nyttår flytta to nye fiskeverksemder inn. Les mer…

Svar frå Fylkesmannen i Hordaland på brev om feilvandra Vossolaks

Publisert 30. januar 2012

I eit brev datert 6. desember 2011, stilte Salmon Group seg skeptiske til avgjerda om å fiske ut feilvandra Vossolaks frå Storelva i Arna. Svaret frå Fylkesmannen kan du lese her: Les mer…

Kommentar i Maritimt Magasin

Publisert 30. januar 2012

Salmon Group blei bedne om å skrive ein kommentar om lokaleigde oppdrettsverksemder si betydning for lokalsamfunna, til det neste nummeret av Maritimt Magasin. Les kommentaren her: Les mer…

“Opna for eit hamskifte i forvaltninga”

Publisert 30. januar 2012

Gjekk du glipp av nyttårsintervjuet med Nils Inge Hitland på Intrafish? Her kan du lese det i sin heilskap.  Les mer…

Svanøylaksen svært populær i Tyskland

Publisert 30. januar 2012

Akevittmarinert laks frå Svanøy Røykeri slo godt an på Grüne Woche i Tyskland. ” Historien om tre generasjoner kvinner som driver røykeriet på Svanøy hovedgård etter gamle tradisjonelle oppskrifter går rett hjem hos matglade tyskere”, melder Landbruks- og matdepartementet på regjeringa sine nettsider. Les mer…

Laksens Dag 2012 er under planlegging

Publisert 27. januar 2012

På eit møte i Florø i går vart det bestemt at det folkelege arrangementet Laksens Dag skal vidareførast. Les mer…

Sheriff-tilnærming skaper fastlåst samarbeidsklima

Publisert 24. januar 2012

Utsegna  om ”stadig fleire sheriffar” som skal ha sitt å seie om oppdrettsnæringa, kom frå Gerhard Alsaker under AqKva konferansen på Stord 19. januar. Uttrykket var eit tilsvar på miljøvernleiar hos fylkesmannen i Hordaland, Terje Aasen, sitt utsegn om at der stadig er mange cowboyar i næringa. Metaforikken kan vi ha mykje moro med, men det ein eigentleg snakkar om, er eit alvorleg problem. Les mer…

Lyst å sjå om att videoen Aarskog synte?

Publisert 23. januar 2012

Under sitt føredrag på AqKva konferansen på Stord, synte Alf Helge Aarskog frå Marine Harvest fram ein video med den svenske forskaren Hans Rosling. Videoen ligg ute på nett gratis. Les mer…

AqKva-prisen til Magnar Ottesen

Publisert 23. januar 2012

Under AqKva konferansen på Stord torsdag 19. januar, fekk Magnar Ottesen frå Toska tildelt AqKva-prisen 2012. Den rutinerte oppdrettaren fekk prisen for sitt utrøyttelege arbeid med å spre kunnskap og informasjon om oppdrettsnæringa. Les mer…

Ekstraframsyning for Johan Magerøy under Sjømatdagane

Publisert 23. januar 2012

Siviløkonom og sjølvstendig konsulent, Johan Magerøy, var invitert til Sjømatdagane på Hell for å snakke om lokaleigde oppdrettsselskap sin innverknad på lokalsamfunna. Skodde på Værnes gjorde til at han fekk snakke begge dagane under arrangementet. Les mer…

“Dette skal inn i forvaltningen”

Publisert 23. januar 2012

Forskar ved Havforskingsinstituttet, Jens Christian Holst, var sikker i si sak då han snakka på AqKva konferansen på Stord. Les mer…

Salmon Blog: Ein sheriff kom til Stord hotell

Publisert 23. januar 2012

Dei frammøtte i storsalen hadde so vidt fått søvnen ut av augo då ein svartkledd mann sparka opp døra. Det skulle bli henging ved soloppgang. Les mer…

Svanøylaks til Grüne Woche

Publisert 16. januar 2012

Verdas største matmesse, Grüne Woche i Berlin, er nok kjend for mange sjømatinteresserte. Takka vere Svanøy Røykeri, vert det i år råd å smake laks frå Salmon Group på messa. Les mer…

Ola Sveen haustar ros for arbeidet for villaksen

Publisert 13. januar 2012

Avisa Firda hadde sist laurdag eit flott oppslag om arbeidet med å sikre villaksen i elvane i Sunnfjord. Oppdrettar Ola Sveen frå Svanøy Havbruk har spelt ei viktig rolle her. Les mer…

Salmon Blog: Open for kunnskap

Publisert 13. januar 2012

Etter møtet om Hav 21 sist fredag, har diskusjonen om forsking blussa opp, akkurat slik ein kunne håpe på. Lars Horn frå Norges Forskningsråd sa frå talarstolen på møtet at der blei forska forholdsvis lite i marin næring, målt mot andre næringar. Vi bryr oss ikkje om kunnskap i kystnæringane, vert det hevda. På denne måten jamstiller ein forsking og kunnskap. Men kan forskarane sin manglande respekt for næringa sin kunnskap ha noko med dette å gjere? Les mer…

Nesfossen Smolt AS med nye nettsider

Publisert 12. januar 2012

Nesfossen Smolt AS satsar på kunnskapsbygging og informasjon med sine flett nye nettsider. Les mer…

To viktige treffpunkt i neste veke

Publisert 12. januar 2012

17.-20. januar er det maraton for samråd, inspirasjon og kunnskapsdeling i oppdrettsnæringa. Dei mest ihuga får med seg både Sjømatdagane på Hell og AqKva konferansen på Stord. Les mer…

Hav 21- den store forskingsdiskusjonen

Publisert 9. januar 2012

Forskarar er litt som ungdom i trassalderen; dei går berre i dialog om dei er ute etter pengar. Fredag 6. januar var ein slik dag, då prosjektet Hav 21 inviterte til møte på Hotel Norge. Men som mange foreldre veit; slike dagar er ein fin sjanse til å ta att litt tapt kvalitetstid. Les mer…

Tankar etter Tekna kurset “Marin ressursutnytting”: Kva er framtidas næring?

Publisert 6. januar 2012

Oppdrettsnæringa møter stadig krav til å fornye seg, og blir bedt om å løyse driftsutfordringar med å skifte til komplett nye teknologiar. Også i andre sektorar, til dømes energiproduksjon, snakkar ein om at ”grøn teknologi” skal skape betre arbeidsplassar og eit betre miljø. Kva er det som avgjere kva som blir framtidas næringar? Les mer…

Salmon Blog: Ei takk til dei som sel laks

Publisert 5. januar 2012

Der vil alltid vere ei tautrekking mellom oppdrettaren og oppkjøparen om kven som skal ha den siste femøringen. Men når det gjeld dei tretti milliardane, er produsentane ei stor takk skuldig til eksportleddet. Les mer…

Sekkingstad med bok om si historie

Publisert 5. januar 2012

Ettersom åra har gått, har fleire verksemder i laksenæringa funne det interessant å få si historie samla mellom to permar. Ferskast ute er Sekkingstad AS, som har ei historie om sjømateksport som er langt eldre enn oppdrettsnæringa. Les mer…

Integrert Akvakultur på NTNU

Publisert 4. januar 2012

Tekna Havbruk arrangerte 3. januar seminar om integrerte akvakulturløysingar, som ein del av kursdagane på NTNU. Salmon Group presenterte vårt prosjekt, Integrert Akvakultur, som tek sikte på å produsere tare saman med laks. Her er nokre poeng og kommentarar etter seminaret: Les mer…

Godt nytt oppdrettsår!

Publisert 2. januar 2012

Året 2011 er historie, og vi brettar opp armane for nok eit år med produksjon av verdas beste fisk. Året startar offensivt, Salmon Group skal halde innlegg på 3 viktige konferansar. Les mer…