Salmon Blog: Eit samfunn styrt av kjennskap og vennskap?

Publisert 30. desember 2011

Når fiskeriministeren oppfordrar havbruksnæringa om å “skaffe seg fleire vener”, vitnar det om ein samfunn som eg knapt kan tru at ho vil gå god for. Les mer…

Høgdepunkt frå 2011: Saman om det viktigaste

Publisert 30. desember 2011

Då ein i mars 2011 samla oppdrettarane frå Salmon Group og Havdyrkerne i eit styrka Salmon Group, sto denne teksten på våre nettsider. Med tida som har gått som bakgrunn, er det kjekt å kunne lese teksten på nytt: Les mer…

Salmon Group støttar regelen om 200.000 fisk

Publisert 21. desember 2011

Salmon Group meinar regelen om maksimalt 200.000 fisk pr. merd kan vere eit klokt tiltak for å avgrense skaden når uhellet er ute. Les mer…

Salmon Blog årsrevy 2011: Året då teori og praksis kolliderte

Publisert 20. desember 2011

2011 skulle bli året då ein lanserte store, djuptgripande endringar i norsk havbruksnæring. Gullestad utvalet skulle legge fram sin meisterplan, og produksjonen i den lenge problemforklarte Hardangerfjorden skulle døyvast. Men so hende det noko rart og uventa. Villaksen kom attende, og med det var mykje viktig forsking truga. Les mer…

Brev til Fylkesmannen mot utfisking av Vossolaks

Publisert 20. desember 2011

Då Fylkesmannen i Hordaland beordra utfisking av Vossolaks i Storelva i Arna, var det mange som reagerte med undring på dette. Salmon Group sende eit brev til Fylkesmannen si miljøvernavdeling, der vi argumenterte mot denne typen inngripen i ei vill laksestamme. Les brevet her: Les mer…

Dobla fangstane av laks i elvane i Sogn og Fjordane

Publisert 20. desember 2011

I 2011 vart det fanga 7053 laks med ei samla vekt på 30,7 tonn i elvane i Sogn og Fjordane. Les mer…

Nytek 2013 kan krevje mange nye straummålingar

Publisert 19. desember 2011

Straummålingar gjennomførte før 2009 standard, kan bli underkjende når den nye Nytek forskrifta vert gjeldande 1. januar 2013. Truleg må mange få utført nye målingar på eksisterande lokalitetar. Les mer…

Ny kunnskapsside om oppdrett

Publisert 19. desember 2011

FHL har no lansert ei ny kunnskapsside, der du kan lese om betydninga laks har for verda, og oppdrett har for Noreg. Les mer…

Ny rapport tilbakeviser påstandar om næringssalt

Publisert 15. desember 2011

Ei ekspertgruppe oppnemnd av Fiskeri- og kystdepartementet og Miljøverndepartementet har konkludert med at oppdrettsnæringa ikkje har negativ påverknad i form av utslepp av næringssalt. Les mer…

Rekordstort julebord i Bergen

Publisert 13. desember 2011

Fredag 9. desember heldt Salmon Group AS julebord for aksjonærar og tilsette på ærverdige Hotel Norge i Bergen. Med 130 frammøtte opplevde ein ei dobling frå i fjor. Les mer…

Integrert Akvakultur på Tekna seminar

Publisert 12. desember 2011

Prosjektet Integrert Akvakultur er på veg over i fase 2, og har hausta mange nyttige erfaringar allereie. Desse vil ein dele med andre familjø på ein konferanse i Trondheim 3. januar. Les mer…

Møtte Fiskeridepartementet i Engebøsaka

Publisert 8. desember 2011

Saman med dei berørte selskapa Flokenes Fiskefarm, Marø Havbruk og Steinvik Fiskefarm, møtte Salmon Group onsdag FKD for å snakke om fjorddeponiet i Førdefjorden. Les mer…

Sjå video frå Blom sitt visningsanlegg

Publisert 6. desember 2011

Blom Fiskeoppdrett AS sitt visningssenter har blitt ein attraksjon som turistar, skuleklassar og andre som er interesserte i havbruk og kystkultur nyttar seg av.No kan du og oppleve det, utan å reise deg frå godstolen. Les mer…

Salmon Group med bidrag i Fiskerikandidaten 2011

Publisert 6. desember 2011

Ungdomen er framtida også i fiskeri og havbruk. Difor er det svært gledeleg at SG hart fått høve til å bidra med eit stykke i årets utgåve av Fiskerikandidaten, avisa til bachelorstudentane i fiskerifag ved Norges Fiskerihøgskole i Tromsø. Sicelie Troland, med bakgrunn frå Troland Lakseoppdrett, sat i redaksjonen for årets utgåve. Skaff deg eit eksemplar av bladet, eller les vårt bidrag her: Les mer…

Rikt karaktergalleri på Sjømatdagane i januar

Publisert 5. desember 2011

NSL sine sjømatdagar på Hell i januar er velkjende for dei fleste i næringa. I år vil lista over føredragshaldarar vere prega av folk som er velkjende i Salmon Group. Les mer…

Salmon Blog: Kva skal vi våge å ha til middag i dag?

Publisert 2. desember 2011

WWF har no kome med ein oppdatert guide til kva sjømat du kan ete med godt samvit. Er det ei god hjelp? Les mer…

Parasittar vil ikkje utrydde verten

Publisert 2. desember 2011

“Parasittar er ofte vertsspesifikke, dvs dei kan kun overleve på ein eller eit fåtal artar. Dermed ser Sterud ikkje at parasittane også må vere bærekraftige, dei kan ikkje drepe alle vertane sine utan sjølv å øydelegge matfatet sitt, og går dermed til grunne. Då skjære dei bokstaveleg talt av greina dei sit på, med fatale fylgjer”. Dette seier Erlend Haugarvoll, PhD frå Norges Veterinærhøgskole og dagleg leiar ved Lingalaks AS, som eit tilsvar til Erik Sterud sine åtak på Harald Sægrov sitt arbeid om lus som bestandsregulerande hos villaks. Les mer…