Søk i arkivet

KrF ber norske oppdrettarar sjå til Kina

Publisert 30. november 2011

I etterkant av øydeleggingane uværet “Berit” har gjort for oppdrettsnæringa, rykkjer politikar Rigmor Andersen Eide (KrF) i dag ut og krev drastiske endringar i vala av teknologi. Les mer…

Meinar lakselus ikkje regulerar villaks bestandar

Publisert 30. november 2011

– Dersom det hadde vore slik at lakselus har ein bestandsregulerande effekt på vill laksesmolt, så hadde vi sett dette ved å samanlikne smolt i områder med lakseoppdrett, med smolt i områder som ikkje har oppdrett, seier Harald Sægrov i Rådgivende Biologar. Les mer…

Salmon Group på NRK Sogn og Fjordane

Publisert 28. november 2011

NRK Sogn og Fjordane hadde eit innslag om Gullestad-rapporten i morgonsendinga den 28. november. Nils Inge Hitland og Elin Tveit Sveen vart intervjua om konsekvensane forslaga om produksjonsområde kan få om dei blir ein realitet. Les mer…

Salmon Blog: Alle har eit ansvar for villaksen

Publisert 25. november 2011

2011 har vore eit svært positivt år for villaksen, fordi den generelle trenden har vore langt større mengder av tilbakevandrande fisk i elvane. Mange har gjort mykje for å bøte på menneskelege inngrep i naturen, og dette vil bli viktig og framover. Men det viktigaste bidraget villaksen kan få i 2012, er at den akademiske prestisjen vert dempa til fordel for ynskje om best mogleg resultat. Les mer…

Solveig heldt føredrag for NJFF

Publisert 25. november 2011

Fangsttala for villaksen i Sogn og Fjordane syner framgang for 13 av 17 elvar. Sist helg heldt Solveig Willis frå Salmon Group føredrag for nokre av dei skarpaste kritikarane, der ho fortalde om innsatsen oppdrettarane gjere for villaks bestandane. Les mer…

Salmon Blog: I solskin er alle fjordar blå

Publisert 21. november 2011

Miljøvernminister Erik Solheim gjekk opp på ein sandhaug og snakka til folket i Sunnfjord; “Der fins hundrevis av måter å spørre på, men svaret vil uansett bli at der ikke blir tatt noen beslutning her i dag”, forkynte han. Lat oss berre håpe at det ikkje betyr at beslutninga er teken for lenge sidan… Les mer…

Lindebjerg modererte kritikken på FHL møte

Publisert 18. november 2011

Dag Lindebjerg fekk i forrige veke kystfolket til å setje kaffien i halsen, då han gjekk hardt ut mot oppdrettsnæringa si problemhandtering. Torsdag var han igjen i oppdrettarane sitt synsfelt, denne gongen i løva si eiga hole; julemøtet til FHL Vestnorsk Havbrukslag. Les mer…

Fornuften får ein ny sjanse i Hardanger

Publisert 14. november 2011

Etter at det har vorte synleg for alle og einkvar kor viktig laksenæringa er i Hardanger, har fiskeriminister Lisbeth Berg Hansen sendt ut pressemelding om at regjeringa vil arbeide gjennom forskrifta for ein ny høyringsrunde. Les mer…

Hardangerfjordforskrifta møter skarp fagleg kritikk

Publisert 14. november 2011

I ein kronikk i Fiskeribladet Fiskaren sist fredag, tek æresdoktor og tidlegare professor i mikrobiologi ved Universitetet i Tromsø, Jan Raa, saman med Jan Arve Gjøvik eit kraftig oppgjer med grunnlaget for Hardangerfjordforskrifta. Les mer…

Salmon Blog: Ein god latter forvrengjer livet

Publisert 14. november 2011

Kvar sundag i haust har vi kunne fylgje Dag Lindebjerg sin kystturnè på NRK. Han har humra og smatta seg i raskt tempo nedetter landet som vi kjenner så godt. Det har vore koselege program, og tidvis også interessante. Men Lindebjerg sine utfall, gjengjevne i Fiskeribladet Fiskaren sist veke, kan tyde på at det kanskje gjekk litt for fort undervegs for programskaparen frå Bergen.

Les mer…

Tysdag er det synfaring i Førdefjorden

Publisert 11. november 2011

Komande tysdag kjem mellom andre Miljøvernministeren, Klif og Direktorat for Naturforvaltning til Sunnfjord for å sjå Førdefjorden med eigne auge. Les mer…

Salmon Blog: Kva er rolla til sportsfiskarlaga?

Publisert 11. november 2011

Dei to sportsfiskarlaga Norske Lakseelver og Norges Jeger- og Fiskerforbund engasjerer seg hardt for å legge ned sjømatnæring i Hardanger. Men kva for interesser representerer dei eigentleg? Les mer…

Troland lakseoppdrett søker etter røkter

Publisert 9. november 2011

Les mer…

Fiskeriministeren på veg inn i ein “gresk situasjon”?

Publisert 7. november 2011

Dersom Fiskeri- og kystministeren meinar Hardangerfjordforskrifta er det som må til for å framleis ha oppdrett i området, har ho hamna i ein ”gresk situasjon”. Dette er ei løysing som største delen av næringa i Hardanger og nærområda vil leve so dårleg med, at dei neppe kan ha nokon tillit til sitjande minister etter den dagen. Les mer…

600 arbeidsplassar står på spel

Publisert 4. november 2011

Etter berekningar frå Sintef vil 600 arbeidsplassar bli borte dersom Hardangerfjordforskrifta vert innført. Les mer…

Osland Havbruk kjøper settefiskanlegg

Publisert 4. november 2011

Osland Havbruk AS har kjøpt Marine Harvest sitt settefiskanlegg på Sørbø i Høyanger kommune. Les mer…

Miljøverndepartementet kan stoppa lukka produksjon

Publisert 3. november 2011

Medan hobbyfiskarar har ropt om eit påbod om lukka anlegg lenge, er Miljøverndepartementet no skeptiske til å opne opp for større fisk på land. Les mer…

Salmon Blog: Støtt villaksen, få fiskestong!

Publisert 2. november 2011

Norske Lakseelver byrja som ein organisasjon for elveeigarar, men no ”kan alle med ønske om bevaring av villaks bli medlem”, står der på heimesidene deira. Dei fleste av dei som blir medlem, bevarar sjølv ein god del villaks. I fryseboksen. Les mer…