Søk i arkivet

Flott artikkel frå Osland Havbruk i “En gullkantet fremtid”

Publisert 31. oktober 2011

Magasinet “En gullkantet fremtid” kjem ut kvart år, og skal bidra til rekrutteringa til havbruk, fiskeri og andre maritime næringar. Årets utgåve er nett komen, og har mellom anna ein flott artikkel om Eva Ynnesdal, produksjonsleiar for laks i Osland Havbruk AS. Les mer…

Salmon Blog: Næringa som ikkje klypper snorer

Publisert 31. oktober 2011

Om eg var politikarar i ein kystkommune og fekk ynskje meg ei næring å satse på, ville eg ynskt meg ei næring som var lønsam, var på lokale hender, ikkje kunne sentraliserast bort, og som produserte noko som folk verkeleg treng. Alle desse kriteria vart innfridde med lakseoppdrett. Kvifor kjempar ikkje politikarane då meir for lokal oppdrettsnæring? Les mer…

Laksens Dag leverte overskot

Publisert 27. oktober 2011

Laksens Dag i Florø vart eit arrangement som mottok ros både frå publikum og media, og no syner det seg at ein og heldt seg til forventningane økonomisk. Les mer…

Lisbeth ynskjer dyrking av tare

Publisert 26. oktober 2011

Fiskeri- og kystministeren opna seminaret “Tare- grøn energi frå havet” på tysdag, og ho framheva den kompetansen og naturgjevne tilhøva Noreg har for å kunne utvikle ein industriell tareproduksjon. Les mer…

Fjorddeponiet har nådd regjeringa

Publisert 26. oktober 2011

Saka om fjorddeponering i Førdefjorden er no i ferd med å innta regjeringsnivå, etter at kommunestyra i Naustdal og Askvoll ga si tilslutting til gruveselskapet Nordic Mining sine ynskje. 15. november er mijøvernministeren med fleire venta på synfaring. Les mer…

Sjøauren- ein av våre minst truga artar

Publisert 24. oktober 2011

Sjøauren har i den seinare tida kome stadig meir inn i forvaltninga av “vill laksefisk”. Tid om anna vert han omtala som utryddingstruga. Dette er heilt feilaktig. Mange ferskvatn over heile landet har for store populasjonar av denne arten. Les mer…

“Villaksen er utryddet i Hordaland”

Publisert 24. oktober 2011

Salmon Group sin glede over ein god villakssesong, vert imøtegått i gårsdagens BT. Der er ikkje lenger nokon villaks i Hordaland, hevdar ein innsender. Les mer…

Salmon Group har gjestekommentar i Norsk Sjømat

Publisert 21. oktober 2011

Salmon Group vart inviterte til å levere gjestekommentar under vignetten “Rett fra rogna” i Norsk Sjømat nummer 5. Bladet som vert utgjeve av Norske Sjømatbedrifters Landsforening, er nett kome ut til lesarane. Kommentaren handlar om Gullestad-utvalet sitt framlegg, og om du ikkje har tilgang til magasinet, kan du lese kommentaren her: Les mer…

Tid for eit tilbakeblikk

Publisert 20. oktober 2011

Etter ein sommar med god oppgang av villaks, og rekordfangstar mellom anna i Uskedalselva, kan det vere interessant å sjå på ting som blei uttalt tidlegare i år… Les mer…

Salmon Group er på facebook

Publisert 20. oktober 2011

Er du ein aktiv brukar av sosiale media? Salmon Group har no si eiga side på facebook der vi legg ut oppdateringar, og der er høve til å kome med kommentarar. Les mer…

Salmon Blog: Lærevilleg næring søkjer kunnskapsbasert forvaltning

Publisert 19. oktober 2011

”Dei første som ville starte med lakseoppdrett i Canada, var anten fiskarar, nordmenn, eller norske fiskarar. Fiskarane kom til meg og sa; ”vi kan fisk”. Men eg sa; de kan fange og drepe fisk. De kan ikkje mykje om å halde han i live over tid”. Les mer…

Foredlingsverksemd truga av rutenedlegging

Publisert 18. oktober 2011

Medan fiskeri- og kystministeren stadig snakkar om at veksten for norsk sjømatnæring skal kome i foredlingsleddet, skjer der få gode ting i tilrettelegging av infrastruktur for slike verksemder. For Svanøy Røykeri, vil ei varsla rutenedlegging vere med og vaskeleggjere ei planlagd utbygging og vidare drift. Les mer…

Positiv utvikling for sjøauren kan opne for fiske i Lærdalselvi

Publisert 14. oktober 2011

Stikk i strid med at sjøaurebestandane i Sogn har vorte heldne fram som katastroferåka, tilrår no fylkesmannen at der vert opna opp for fiske i Lærdalselvi i 2012. Dette som fylgje av ei positiv utvikling for bestanden. Les mer…

Banksjef etterlyser meir privat risikokapital

Publisert 13. oktober 2011

I forbindelse med at Sparebanken Sogn og Fjordane må skjære ned på bemanninga, uttalar toppsjef Arvid Andenæs at eit stort problem er at der er for lite privat risikokapital i fylket. Les mer…

Vil verne om stamme ein ikkje veit om eksisterar

Publisert 13. oktober 2011

Under eit møte i Arna i førre veke, sa ein utsending frå fylkesmannen si miljøvernavdeling at dei ville ha utfisking av feilvandra Vossolaks frå Storeelva som går gjennom Arna. Dette er eit føre var tiltak for å beskytte den lokale Arna-stammen. Men om denne framleis eksisterar, etter forgifting av elva og kultivering med Vossolaks, er høgst usikkert. Les mer…

Salmon Blog: Svik, løgner og ansvarsfråskriving

Publisert 12. oktober 2011

Hausten 2011 rommar ei rekke paradoks for dei som er interesserte i laks. Ein del rådande oppfattingar er sett under press. Forskarar og forvaltning prøver tilsynelatande å oversjå dette så lenge det går. Og i mellomtida vil dei drive sine idear forbi punktet der ein enno kan gjere retrett. Dette er eit politisk og akademisk svik, mot villaksen, oppdrettsnæringa og fleire titals tusen arbeidsplassar. Les mer…

Hardangefjordforskrifta kjem når som helst

Publisert 12. oktober 2011

Etter det SG kjenner til , rykker Hardangerfjordforskrifta stadig nærare å bli iverksett. SG meinar at dette er resultatet av politisk hestehandel, og at oppdrettsnæringa generelt og Hardanger spesielt, vert ofra i eit ureint spel. Difor gjekk vi ut med fylgjande pressemelding i dag: Les mer…

Salmon Blog: Bærekraft, og kraft nok til å bære sine eigne pretensjonar

Publisert 12. oktober 2011

Der var ei tid då Fiskeribladet Fiskaren var ei avis som forsto kystnæringane og hadde kunnskap om det ein dreiv med på kysten. Slik er det ikkje lenger. Kommentarar skrivne av Kjersti Sandvik og Øystein Hage, syner at dei burde bruke sine krefter i Natur og Ungdom. Les mer…

Då Oslo kom til Fyksesundet

Publisert 12. oktober 2011

Nærings- og handelsdepartementet har den siste tida hatt ein turnè blant bedrifter kring om i landet. 11. oktober var tre representantar; Kristine Pedersen, Kevin Thomassen og Olve Engebrethsen, på plass hos Lingalaks. Les mer…

God fantasi i NINA

Publisert 4. oktober 2011

Norsk institutt for naturforskning (NINA), har fleire gongar i år vorte konfronterte med usikker bevisførsel og metodeval. Instituttet held fast på sin kverulantiske kommunikasjonsstrategi, med stadig nye unntaksreglar for sin sikre kunnskap. Les mer…

Sikrar vassforsyning, tek vare på landskapet

Publisert 4. oktober 2011

Barlindbotn Settefisk har investert 5-6 millionar kroner i eit borehol som skal sikre vassforsyninga til verksemda. -Det er dyre dropar, men vi vel denne løysinga for å sikre god vassforsyning utan unødige naturinngrep, seier medeigar Dagfinn Ellingsund. Les mer…

5 konsesjonar sto for 68 % av alt overskotet i kommunen

Publisert 3. oktober 2011

Ei case-studie utført av Johan Magerøy, på oppdrag for SG, synte at dei to matfiskselskapa Flokenes Fiskefarm AS og Landøy Fiskeoppdrett AS sto for 68% av overskotet til alle 104 aksjeselskapa i Askvoll kommune sett under eitt i 2009. Les mer…