Revolusjon for handteringa av daudfisk

Publisert 15. juli 2011

Både av smittehygieniske og arbeidsmiljømessige omsyn, er det viktig med effektive system for fjerning av daudfisk på anlegga. Blom Fiskeoppdrett og Lift Up Akva, har i samarbeid testa ut eit heilt nytt system, som medfører minimal menneskeleg handtering og stor kapasitet. Les mer…

Salmon Blog: Er miljøpolitikken vaksen no?

Publisert 14. juli 2011

Frå å vere ein keitete og godhjerta Oslo-sosialist på åttitalet, har Erik Solheim slege seg opp til ein av dei jobbane han truleg har ynskt seg mest av alt; miljøvernminister. Undervegs har han vore midt oppi konfliktar som krigen i Sri Lanka. Korleis han er med og løyser dei hindera havbruksnæringa no står overfor, vil vere prøven på om han har vorte politisk vaksen nok, til å gje truverd til miljøverndepartementet hos den delen av folket som nyttar naturen som produksjonsstad. Les mer…

Kan NINA ta feil?!

Publisert 12. juli 2011

-Det er selvølgelig teoretisk mulig, seier forskingssjef ved NINA, Kjetil Hindar, til Dagens Næringsliv. Men eigentleg trur han at det som er farlegast for villaksen, er alt det vi ikkje kan sjå. Får han snart sitt eige program på TVNorge? Les mer…

Salmon Blog:Når næringspolitikk blir det minst naturlege

Publisert 8. juli 2011

Då fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane skulle vedta eit høyringssvar til Gullestad, var der berre ein kommune som hadde gjeve innspel. Nokre kommunar er uvillege til å stille areal disponibelt for sjømatproduksjon, fordi dei meinar å få for lite att. Har norske kommunepolitikarar den aller minste formeining om kva et vil seie å drive næring? Les mer…

Laks er sommarmat!

Publisert 8. juli 2011

Sommaren er tida for å nyte ein matbit utandørs, og enkle måltid på camping eller hytta. Uansett korleis du tilbringar sommaren, er laksen ein sikker ingrediens i dei late, varme dagane. Les mer…

FHL slaktar Gullestad

Publisert 7. juli 2011

FHL har no ferdigstilt sitt høyringssvar til Gullestad-utvalet sine framlegg. På dei viktige punkta kring etableringa av produksjonsområde med tilhøyrande utsettsonar, er ein svært avvisande. Les mer…

-Sats på meir fiskeoppdrett

Publisert 7. juli 2011

I eit intervju med Dagens Næringsliv kjem tidlegare fiskeriminister og riksrevisor Bjarne Mørk Eidem med dette rådet til politikarane, for korleis ein skal få ei god utvikling i Nord-Noreg. Les mer…

Er du klar over alle våre avtalar?

Publisert 4. juli 2011

Salmon Group fører ei rekke avtalar for våre aksjonærar. Dei største er fôr, forsikringar og vaksiner, men vi har og avtalar på ei rekke andre område. Les mer…

Salmon Blog: Attende til verdsmarknaden

Publisert 1. juli 2011

Etter ei god stund med prisar som syntest heva over tidlegare tiders motkrefter i laksemarknaden, er ein igjen nede på eit nivå ikring produksjonskostnaden. Det raske fallet denne gongen, nærast eit krakk, er tungt å svelgje for alle dei som no har fisk dei må slakte ut. For foredlingsindustrien er det kjøpars marknad, men dei forhastar seg ikkje med å ta posisjonar i eit usikkert prisbilete. Dermed er bordet snudd i løpet av nokre få veker. Kan det kome noko godt ut av dette for oppdrettarane? Les mer…