Eit Lofoteventyr
Publisert 29. mars 2011
Det er tidleg laurdag morgon i Svolvær, og ein delegasjon i raude kjeledressar leitar seg fram til den kjende kvalfangstskuta ”Nybræna”. Litt trøytte etter Lofotbyens natteliv, men klare til å erobre havet og den legendariske skreien.
Salmon Blog: Saman om det viktigaste
Publisert 24. mars 2011
Så lenge der har vore nettverk for oppdrettarar, har der vore diskusjonar om moglege samanslåingar. Det er no fem år sidan Salmon Partners og Norwell Group fann det tenleg å samle kreftene. Med denne vekas nyhende om oppløysing av HAVdyrkerne, og ei samling i Salmon Group, ser vi truleg den viktigaste konsolideringa av små og mellomstore oppdrettsselskap nokon sinne. Les mer…
Salmon Group tek leiinga for Laksens Dag
Publisert 23. mars 2011
Planlegginga av Laksens Dag i Florø 18. juni er for lengst i gang. Når HAVdyrkerne no sluttar seg til Salmon Group, vidarefører SG posisjonen dei har hatt i prosjektet. Les mer…
HAVdyrkerne SA løysast opp; er hjarteleg velkomne i Salmon Group
Publisert 22. mars 2011
På årsmøte laurdag 19. mars, vedtok HAVdyrkerne SA å løyse opp laget. SG si generalforsamling har tidlegare avgjort at samtlege frå HAVdyrkerne er velkomne til å kjøpe seg inn i SG. Les mer…
Salmon Blog: Privat kapital er ein ressurs
Publisert 18. mars 2011
Under FHL sin konferanse på Solstrand i går, snakka Yngve Torgersen frå Fiskeri- og kystdepartementet varmt om at havbruksnæringa skaper viktige verdiar som mat og sysselsetjing. Han kunne like godt nemnt privat kapital i same slengen. Les mer…
Solidaritet med Japan
Publisert 17. mars 2011
Dei lidingane som naturkatastrofen har påført Japan, rører ved alle, og Salmon Group har bestemt seg for å samlast i støtte til det katastroferåka folket. Les mer…
Avtale med NOOMAS om sertifisering
Publisert 16. mars 2011
For å imøtegå krava som vil kome med den nye Nytek-forskrifta, har Salmon Group inngått ein rammeavtale med NOOMAS. Les mer…
Salmon Group premierte under kurs i samfunnsansvar
Publisert 15. mars 2011
Fredag vart andre og siste del av Innovasjon Norge sitt pilotprosjekt ”Frå godt sagt til godt gjort” avslutta i Florø. Kurset er ei innføring i dei styringsverktøya som finst for eit godt samfunnsarbeid i verksemder, og sikta seg denne gongen inn på sjømatnæringa på vestlandet. Under avslutningsbolken vanka det premiering for særskilde tiltak og strategiar som vart lagde fram frå deltakarverksemdene. Blant dei som fekk ei ekstra merksemd var Salmon Group. Les mer…
Kystperle-kampanje på vestlandet
Publisert 15. mars 2011
FHL køyrer i desse dagar kampanjen “Kystperlen” i aviser på vestlandet. Kampanjen tek sikte på å gje eit inntrykk til folk flest av den verdiskapinga oppdrettsnæringa står for på kysten og i distrikta. Kampanjen er finansiert gjennom lokale opdrettsselskap. For å lese meir om kanpanjen, klikk inn på www.oppdrettsinfo.no
Ny lokalitetsdagbok er på plass
Publisert 14. mars 2011
Salmon Blog: Kva er nok?
Publisert 8. mars 2011
Ein kar frå Solund var på ein sjeldan bytur, og hadde sett seg ned for å ete middag på anerkjende Børs Cafè. Der vart han oppsøkt av ein mindre velkledd herre, som lurte på om han kunne støtte han med litt kapital. Sulingen leita i lommene, kom opp med nokre kroner som han delte ut, og spurte; ”Er det nok no?”. Denne øvinga gjentok han fleire gongar. Den andre blei berre ståande med neven framstrakt. Les mer…
Lyst å vitje eit oppdrettsanlegg i sommar?
Publisert 4. mars 2011
Blom Fiskeoppdrett AS har satsa på å vise folk flest korleis moderne fiskeoppdrett vert drive. I samarbeid med Kystmuseet i Øygarden, driv familieverksmeda Øygarden Visningssenter. Senteret er eit populært reisemål for turistar, skuleelevar og andre som vil besøkje eit stykke norsk, veldrive fiskeoppdrett. Les mer…


